– Talet på personar som får uføretrygd aukar stadig og meir enn éin av ti personar i alderen 18-67 år får uføretrygd. Prosentdelen av befolkninga som får uføretrygd er no på nivå med toppåra 2003 og 2004. Prosentdelen aukar med alderen, og det er særleg mange kvinner i alderen 55-64 år som får uføretrygd, seier arbeids- og velferdsdirektør Sigrun Vågeng.

Talet på mottakarar av uføretrygd 18-67 år. 1997-2020. 

antall mottakere1 uføre 1. kv 2020.PNG

Kjelde: NAV.  

Prosentdelen mottakarar av uføretrygd 18-67 år. 1997-2020.

Prosentdelen mottakarar uføre 1. kv 2020.png

Kjelde: NAV.  

Fleire uføretrygda kvinner enn menn

Prosentdelen uføretrygda kvinner per mars 2020 er historisk høg med 12,4 prosent av befolkninga. Ei auking på 0,1 prosentpoeng sidan førre kvartal. Til samanlikning får 8,4 prosent menn uføretrygd og prosentdelen er uendra sidan førre kvartal. Skilnaden mellom kvinner og menn har auka over tid og den aukar samstundes med aukande alder. Det er frå 40 år og oppover at skilnaden mellom kvinner og menn aukar mykje.

Auke for dei yngste

Samanlikna med for eitt år sidan, har prosentdelen som får uføretrygd mellom 18 og 59 år auka, medan for dei over 60 år gjekk prosentdelen ned.

Prosentdelen unge uføre mellom 18-29 år auka med 0,3 prosentpoeng siste året og auka er spesielt høg for dei i alderen 25-29 år (0,4 prosentpoeng). Auken for denne aldersgruppa er størst for fylka Nordland, Innlandet og Vestfold og Telemark (0,6 prosentpoeng).

Flest fekk uføretrygd i Agder, Nordland og Innlandet

Delen som fekk  uføretrygd i prosent av befolkninga var høgast i Agder (13,9 %), Nordland (13,7 %) og Innlandet (13,6 %), medan det var færrast i Oslo (6,0 %). 

– Fylke med høg prosentdel eldre har også ein høg prosentdel som får uføretrygd. Yngre befolkning og ein meir fleksibel arbeidsmarknad i hovudstadsregionen trekk prosentdelen som får uføretrygd ned. Lokale variasjonar i helse og utdanningsnivå har også innverknad på kor mange som får uføretrygd, seier Vågeng.   

For meir informasjon, kontakt pressevakta hjå NAV.