Publisert 23. mars 2022|Oppdatert 23. mars 2022
I underkant av 187 000 årsverk gjekk tapt som følgje av arbeidsløyse i 2020. Året før var talet om lag 90 000.
Koronakrisa har ført til at over dobbelt så mange årsverk gjekk tapt på grunn av arbeidsløyse i 2020 enn i 2019.
Totalt var det nesten 790 000 årsverk som gjekk tapt i 2020 på grunn av helseutfordringar og arbeidsløyse. Det er 115 000 fleire årsverk enn året før.
Dei fleste tapte årsverka er helserelaterte
Auken av tapte årsverk er størst på grunn av arbeidsløysa, men langt dei fleste tapte årsverka er relatert til helseutfordringar, med i overkant av 602 000 tapte årsverk i 2020. Det er ein beskjeden auke frå året før. Det er flest tapte helserelaterte årsverk blant kvinner.
Fleire arbeidslause over kortare periodar
Smitteverntiltaka i koronapandemien er hovudårsaka til doblinga av tapte årsverk blant arbeidslause. Mange vart permittert, og dei reknast med i gruppa av arbeidslause.
Om lag 1,83 millionar personar er med i tal på tapte årsverk. Eitt tapt årsverk består gjennomsnittleg av 2,3 personar.
Til tross for at ein stor del menneske var heilt eller delvis arbeidslaus i 2020, var mange av dei ledige berre ein kort periode, og mange var delvis ledig. I det første året av pandemien var det stor gjennomstrøyming av arbeidslause personar. Dei som var knytt til arbeidslivet kom seg raskare tilbake til arbeid.
– Å delta i arbeidslivet er viktig både for den einskilde og for samfunnet. Vi må følgje med på korleis det går med dei som står lenge utanfor arbeidslivet, og spesielt dei utsette gruppene, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.
Innvandrarar er meir utsett for arbeidsløyse
Arbeidsløysa har ført til langt fleire tapte årsverk blant innvandrar enn norskfødde. Generelt er det fleire arbeidslause innvandrar enn arbeidslause norskfødde. Noko av årsaka til at det er fleire tapte årsverk blant innvandrar ar dei ofte arbeider i dei yrka som vart hardast råka av koronatiltaka.
Les hele analysen i Arbeid og velferd nr. 1 2022
Fakta
Om analysen
Tala i analysen er basert på data om personar i alderen 16 til 67 år, som har hatt ein av desse stønadane/arbeidsmarknadsstatusane:
- Uføretrygd
- Nedsett arbeidsevne, med og utan arbeidsavklaringspengar
- Legemeldt sjukefråvær
- Registrert heilt arbeidslaus, med og utan dagpengar
- Registrert delvis arbeidslaus, med og utan dagpengar
- Registrert arbeidssøkjar på tiltak
Tala på årsverk er rekna ut ved å leggje saman kor lenge og kor mykje i løpet av året kvar person, anten heilt eller delvis, hadde ein av dei nemnte stønadane eller statusane.