Kven kan søkje

NAV-kontor

Søknadsfrist

Når vi har fått søknaden, vurderer vi han og tildeler midlar fortløpande. Siste frist for å sende inn søknad er 1. september 2020. Det er lagt opp til ein enkel søknadsprosess og ei meir utfyllande rapportering.

Rapportering

Fristen for å gi kort statusrapport er 15. januar 2021. Fristen for å rapportere om måloppnåing, erfaringar og rekneskap er 1. oktober 2021. 

Tidsperiode 

Vi gir tilskot for eitt år frå oppstartsdato.                                                                                          

Referanse

Kapittel 0621 post 63, Arbeids- og sosialdepartementet 

Midlar til

Midlane kan nyttast både til kompetanse- og utviklingstiltak og til ekstra personellressursar.

Kva for lokale utfordringar kan dette utviklingstilskotet avhjelpe?

Formålet med tilskotet er å støtte omstilling og nye arbeidsmåtar for å handtere eit forventa auka behov for sosiale tenester og tiltak i kommunane etter lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga (sosialtenestelova) som følgje av konsekvensane etter utbrotet av covid-19.

Se informasjon frå Arbeids- og velferdsdirektoratet i samband med utbrotet av covid-19.

Målgruppa for tilskotet

Målgruppa for tilskotet er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg eller forverra livssituasjon som følgje av konsekvensar av utbrotet av covid-19.

Det er ønskjeleg at tilskotet bidrar til at målgruppa som har fått hjelp, klarer å overvinne ein vanskeleg eller forverra livssituasjon som følgje av utbrotet av covid-19. Eit endra eller auka behov for sosiale tenester blir teke hand om gjennom omstilling og nye arbeidsmåtar for blant anna

  • å ta vare på personar med sosiale og samansette problem som blir særleg ramma av konsekvensane av covid-19-situasjonen
  • å førebyggje langvarige økonomiske vanskar for personar og familiar som følgje av covid-19-situasjonen
  • å ta vare på familiar med barn og unge som blir særleg ramma av konsekvensane av covid-19-situasjonen

Kva for tiltak blir prioriterte?

Fylkesmannen prioriterer fortløpande i tråd med regelverket og si eiga budsjettramme. Det er tilrådd å ta kontakt med embetet så fort som råd. Samla budsjettramme for tilskotet nasjonalt er 40 millionar kroner. 

Dei tiltaka som blir prioriterte, er dei som i størst mogleg grad gjennom omstilling og nye arbeidsmåtar handterer eit endra eller forventa auka behov for sosiale tenester og tiltak i kommunane etter sosialtenestelova som følgje av konsekvensane av covid-19-utbrotet.

Dette kan vere 

  • tiltak som bidrar til auka kapasitet og tilgang til tenester for personer som blir særleg ramma av covid-19-situasjonen 
  • samarbeid med andre tenester for å sikre at spesielt utsette grupper blir tekne vare på 
  • samarbeid med frivillige organisasjonar og/eller sosiale entreprenørar 
  • kartlegging av levekårsutfordringar knytte til covid-19-situasjonen

Korleis søkjer du?

Signer den utfylte søknaden og send han til fylkesmannen i fylket ditt. Du finn kontaktinformasjon på fylkesmannen.no.