Nettsidene skal støtte opp under det felles ansvaret stat og kommune har for NAV-kontoret sine tenester og resultat. Sidene erstattar det tidlegare Kommunenavet, som blei oppretta i samband med innføringa av NAV-reforma.

Kva finn du på sidene?

Arbeids- og velferdsdirektoratet tek hand om oppgåver knytte til lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga. Her finn du oversikt og informasjon om samarbeidsområde, oppgåver, satsingar, tiltak og fagområde. Nettsidene inneheld i tillegg informasjon som er relevant for partnarskapen i NAV.

Ved spørsmål eller innspel til stoff på denne nettsida, kan du ta kontakt med redaksjonen.