Søkjetips
Søkjeresultata viser treff på informasjon om stønader og tenester frå NAV. Ønskjer du søkjeresultat frå andre område, må du huke av for det i filtreringsboksen.
For å finne ut kva NAV-kontor du høyrer til, tilrår vi at du loggar inn. Dersom du manglar elektronisk ID, eller skal finna eit NAV-kontor for nokon andre, kan du søka opp NAV-kontor.
Søkjetips som gir deg dei mest relevante treffa
Dersom du får for mange treff:
- Prøv eit snevrare omgrep.
- Ved å søkje på fleire ord samtidig, får du berre treff på sider som inneheld alle desse orda.
- Du kan sortere etter dato ved å klikke på «Dato». Då får du dei som er «sist endra», øvst på trefflista.
- Avgrens søket ved å bruke filtreringsboksen.
Dersom du får ingen eller få treff:
- Prøv eit meir generelt omgrep eller synonym for å få fleire treff.
- Dersom du skriv fleire ord, blir det automatisk lagt til OG mellom orda. Eit søk på psykiske helseproblem gir for eksempel berre treff på innhald som har begge orda. Dersom du får få treff, kan du derfor prøve å søkje med berre eitt omgrep, for eksempel psykiske.
Ikkje skriv inn sensentive opplysningar i søket. Du må logga inn viss du ønsker å sjå personopplysningar om deg sjølv.
Språkvariantar
Ein del av innhaldet på nav.no finns i ulike språkvariantar. Du kan velje språket eller målforma du føretrekk i søkefilteret "Føretrukke språk". Andre språkvariantar av innhaldet vil då filtrerast vekk.
Du vil framleis få treff på andre språk dersom innhaldet ikkje er oversett til ditt valde språk eller målform.