Opna opp for raskare betaling til leverandørar under koronapandemien

Grunna koronapandemien har Finansdepartementet gjort mellombels unntak frå statlege økonomibestemmingar. Vi vil betale faktura fortløpande, uavhengig av forfallsdato.   Spørsmål kan rettast til: faktura@nav.no NAV Økonomiteneste: 40 00 77 60 (kl. 9-13).

Elektronisk handelsformat

EHF står for elektronisk handelsformat og er ein faktura som blir utstedt, formidla og behandla elektronisk. Stortinget har vedteke at EHF er det offentlege standardformatet for elektronisk faktura.

Korleis sender du elektronisk faktura?

Elektronisk fakturaadresse til Arbeids- og velferdsetaten er vårt org.nr. 889640782

For å kunne betale til rett tid er det viktig at faktura blir merka korrekt:

  • Referanse til den som bestill Både referanse og org.nr., er nødvendig for å sende faktura til mottakar. Gyldige format for tilsett i NAV er tre bokstavar og fire siffer (eks. ABC1234), eller ein bokstav og seks siffer (eks. A123456). 
  • Bestillingsnummer Leverandørar av varer og tenester i kategorien hjelpemiddel, må påføre NAVs bestillingsnummer på faktura og vedlegg.
  • Kreditnota Ved kreditnota ber vi om referanse til fakturanummer
  • Vedlegg Vedlegg til faktura må vere i PDF-format.
  • Betalingsfrist NAV ber om 30 dagar betalingsfrist. Manglar ved fakturaen kan medføre for sein betaling.

Meir detaljert informasjon om elektronisk faktura til NAV

Les meir om elektronisk faktura.

Er du tiltaksarrangør eller verksemd?

Sjå informasjon for  tiltaksarrangørar og verksemder.

Fakturaportalar som leverer EHF

Dersom ikkje rekneskapssystemet ditt eller rekneskapsføraren din kan levere faktura på EHF kan du  bruke nettbasert fakturaportal. Der kan du registrere og sende faktura på rett måte.  

Sjå Anskaffelser.no  

Informasjon til speditør ved tolldeklarering

NAV opplev feil ved tolldeklarering av varer, der speditøren feilaktig nyttar organisasjonsnummer som høyrer til NAV. NAV får ofte varer levert direkte til eiga adresse, men bestilling er oftast via norsk importør. Det er da importøren sitt organisasjonsnummer speditøren skal nytte ved tolldeklarering.

I tilfelle der NAV har kjøpt direkte frå utlandet skal det bli tolldeklarert på Arbeids- og velferdsetatens org.nr. 889640782

NAV ber om at det alltid blir sendt kopi av tolldeklarasjonen til regnskap.drift@nav.no.

Kontaktinformasjon for faktura:

Faktura@nav.no eller vår brukarstøtte på telefon 400 07 760.

Postadressa til fakturamottaket: NAV Økonomiteneste  Sognefjordvegen 56 6863 Leikanger

Postadressa nyttast kun for registrering og unntakstilfelle der leverandøren ikkje får sendt EHF.