Organisering av NAV
NAV er ei landsdekkande offentleg verksemd som omfattar mellom anna Arbeids- og velferdsdirektoratet, ei arbeids- og tenestelinje med lokale NAV-kontor i kommunane, ei ytelseslinje, ei klage- og ankelinje og ei økonomilinje. Sjå meir informasjon og organisasjonskart under relatert informasjon.
NAV eller Arbeids- og velferdsforvaltninga har om lag 22 000 medarbeidarar. Av desse er om lag 15 500 tilsette i staten, Arbeids- og velferdsetaten, og om lag 6 500 er tilsette i kommunane. På NAV-kontora arbeider statleg og kommunalt tilsette saman om å finne gode løysingar for brukarane.
Arbeids- og tenestelinja er sett saman av NAV sine fylkesledd, den statlege delen av NAV-kontora og andre einingar som ligg i denne linja. Linja blir leia av arbeids- og tenestedirektøren i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Ytelseselinja er delt inn i resultatområder med svært ulike ansvarsfelt. Tenester og funksjonar ein kan utføre regionalt og nasjonalt er samla her. Kvart resultatområde blir leia av ein direktør som rapporterer til ytelsesdirektør i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Klage- og ankelinja består av NAV Klageinstans som er organisert som eit nasjonalt resultatområde. Direktøren for NAV Klageinstans rapporter til juridisk direktør i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Økonomilinja er sett saman av økonomieiningene NAV Økonomi stønad, NAV Økonomi pensjon og NAV Økonomiteneste. Økonomilinja har blant anna ansvar for utbetaling og regnskapsoppgaver for alle ytelser, samt utbetaling av lønn til etatens tilsette. Linja blir leia av økonomi- og styringsdirektøren i Arbeids- og velferdsdirektoratet.
Arbeids- og velferdsdirektoratet har ansvar for å styre, leie og utvikle etaten. Direktoratet har overordna ansvar for at NAV når dei måla og resultata som er sette og omset politiske føringar til praktisk handling. Det er òg fagdirektoratet for dei kommunale sosiale tenestene og gir støtte til etaten på områda kommunikasjon, IT, HR, administrasjon, økonomi og anskaffing. Direktoratet ligg under Arbeids- og inkluderingsdepartementet.