I 2018 svarer dei tapte årsverka til 18,9 prosent av befolkninga.

– Nedgangen skuldast først og fremst tilhøva på arbeidsmarknaden og nedgang i arbeidsløyse for dei fleste aldersgrupper, seier kunnskapsdirektør i NAV, Yngvar Åsholt.

Redusert arbeidsevne dominerer

Totalt gjekk 674 000 årsverk i befolkninga mellom 16 og 67 år tapt i 2018. Det utgjer 18,9 prosent av befolkninga, som er ein nedgang på 0,4 prosentpoeng frå 2017.

– Dei fleste årsverka som går tapt skuldast redusert arbeidsevne, kor dei fleste er knytt til uføretrygd. Tilgangen til uføretrygd auka i 2018, og i overkant av 310 000 årsverk gjekk tapt blant dei som fekk uføretrygd. Det er ein auke på 3,3 prosent samanlikna med 2017, seier Åsholt.

Fleire tapte årsverk blant unge født i Noreg

Nytt i høve til tidlegare publiseringar er at vi ser på korleis tapte årsverk fordeler seg mellom personar som er født i Noreg og personar som er født i utlandet. Funna viser at delen tapte årsverk i snitt er like høg for begge gruppene i 2018, men at prosentdelen tapte årsverk som skuldast redusert arbeidsevne er høgare blant personar født i Noreg, medan prosentdelen tapte årsverk på grunn av arbeidsløyse er høgare blant innvandrarar.

Samanlikna med 2005 ser vi ein auke i tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne blant norskfødde i alle aldersgrupper under 54 år, men auken har vore størst for dei mellom 22 og 37 år.

Tapte årsverk på grunn av redusert arbeidsevne etter alder og fødeland, 2005 og 2018. I prosent av folkemengda i kvar gruppe.

graf-tapteårsverk-hvit

Kjelde: NAV

– Det har samanheng med at delen unge mottakarar av uføretrygd har auka, og at det er mange mottakarar av arbeidsavklaringspengar blant unge. For ein del unge er vanskane med å komma seg inn på arbeidsmarknaden samansette, og kan skuldast både redusert arbeidsevne og at eigne kvalifikasjonar ikkje samsvarer med behova i arbeidsmarknaden, seier Åsholt.

Ikkje permanent utanfor

Det står om lag 2,3 personar bak kvart tapte årsverk i 2018. Til saman var om lag 1,54 millionar personar borte frå arbeidslivet i kortare eller lengre tid.

– Dette viser at det ikkje er slik at dei tapte årsverka skuldast at mange personar permanent hamnar utanfor arbeidslivet. Mange har korte sjukefråvær eller er arbeidslause i ein kort periode. Vi ser òg at ein god del av dei som har lange fråvær kjem tilbake i arbeid, og at fleire arbeider noko i tillegg til at dei får ei yting frå NAV, seier Åsholt.