Av Oddbjørn Haga

Etter ein moderat nedgang frå 2001 til 2003, har forventa pensjoneringsalder ved fylte 50 år auka dei siste fire åra, og er no på 64 år – eit halvt år høgare enn i 2001. Delmål 3 i IA-avtalen er dermed oppfylt. Forventa pensjoneringsalder ved fylte 50 år er no høgare enn den var på slutten av 1980-talet, sjølv om det for mange er vorte mogeleg å pensjonera seg tidlegare. Nedgang i sannsynet for å verte uførepensjonert etter fylte 50 år har kompensert for auken i pensjonering i AFP-ordningane mellom 62 og 67 år.