I vedtak om arbeidsmarknadstiltak er det informasjon om korleis du kan klage. Dersom du ynskjer eit anna tiltak enn du har fått vedtak om, kan du også klage på vedtak om tiltak.

Dersom du ikkje har fått tilbod om et arbeidsmarknadstiltak eller dersom tiltaket er stansa, får du ikkje eit skriftlig vedtak om dette. Du kan likevel be om ei grunngiving for vurderingane til NAV og klage på avgjerda. Du kan bruke tenesta Skriv til oss på Ditt NAV og be om ei skriftleg grunngiving. Når NAV svarar deg får du samtidig informasjon om korleis du skal gå fram dersom du ynskjer å klage.

Du kan klage sjølv om du berre har fått eit munnleg vedtak utan ei skriftleg grunngiving.

Det er forvaltningslova som gjeld i vedtak om tildeling, avslag på og stans i arbeidsmarknadstiltak.

Du kan ikkje klage på opptak til tiltaka AMO-kurs og Jobbklubb.