Endre kontonummer

Når du søkjer om ytingar frå NAV, må du kontrollere at du har korrekt kontonummer registrert hos oss. Du kan sjå kva for kontonummer som er registeret på deg ved å logge deg på Ditt NAV.

Du kan berre ha eitt kontonummer registrert hos NAV. Dette gjeld for alle privatpersonar som får stønad, pensjon eller refusjonar frå oss.

Slik endrar du

Dersom du logger deg på Ditt NAV med BankID, Buypass eller Comfides, kan du endre kontonummer og mellombels postadresse i "Din Profil".

Du kan berre ha eitt kontonummer registrert hos NAV. Dette gjeld for alle privatpersonar som får stønad, pensjon eller refusjonar frå NAV.

Kontonummeret blir også bruka for utbetalingar som NAV gjer på vegner av blant anna HELFO og Statens Pensjonskasse. Utbetalingsmåten går fram av folketrygdlova § 22-18.

Korleis endarar du kontonummer dersom du har utbetalingar frå kommunen

Du kan ikkje endre kontonummeret i Ditt NAV dersom det gjeld utbetalingar frå kommunen, til dømes økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsstønad. Da må du ta kontakt med ditt lokale NAV-kontor for å endre kontonummeret ditt.

Korleis endre kontonummeret dersom du har utbetalingar frå Husbanken

Du kan ikkje endre kontonummeret i Ditt NAV dersom det gjeld utbetalingar frå Husbanken, til dømes bustøtte. Då må du logge deg på husbanken.no.

Da må du kontakte bustøttekontoret i din kommune dersom du vil endre kontonummeret. På kommunen sin nettside finn du kontaktinformasjon.

Utbetaling til utanlandsk bankkonto

Som hovudregel utbetalar NAV til norsk bankkonto. Har du ikkje bankkonto i Norge bør du oppgje kontonummer i utanlandsk bank dersom du har det. For nokre ytingar er det likevel ein føresetnad at du oppheld deg i Noreg.

Dersom du oppgjev eit kontonummer i ein utanlandsk bank må du vere merksam på at det kjem eit gebyr for kvar utbetaling og at det kan ta litt lengre tid før pengane er på din konto.

Ikkje moglegheit til å melde frå elektronisk?

Du kan melde frå om endringar og sende det i posten. Du må då leggje ved stadfesta kopi av legitimasjon som pass eller førarkort, eller vise gyldig legitimasjon ved å møte fram personleg på eit NAV-kontor. Du må gi opp fødselsnummer eller D-nummer for å endre kontonummer.

Dersom du skal melde frå om endring frå éin norsk bankkonto til ein annan, bruker du skjemaet Melding om nytt bankkontonummer.

Dersom du ønskjer at vi skal betale ut pengane til ein utanlandsk bankkonto, og du vil sende skjemaet med post, må du fylle ut eit anna skjema om bankopplysningar.

Send ferdig utfylt skjema til adressa som står på førstesida av skjemaet. Hugs å skrive under skjemaet og å leggje ved stadfesta kopi av legitimasjon.

Stadfesta kopi av gyldig legitimasjon: Kravet om stadfesta kopi av gyldig legitimasjon betyr at ein offentleg instans stadfestar at kopien av legitimasjonen faktisk er deg (for eksempel pass, førarkort, bankkort med bilete).

Instansar som kan stadfeste, er blant anna NAV, politiet, domstolen og biblioteket. Stadfestinga skal skrivast på kopien og skal innehalde namnet på instansen og også namn på personen som stadfestar rett kopi av legitimasjonen med underskrifta si.

Har du spørsmål?

Kontakt oss gjerne på telefon 55 55 33 33. Du må alltid oppgje fødselsnummeret ditt når du tar kontakt med NAV. Da kan vi lettare gje deg rask og god hjelp.