Dugnaden involverer mellom anna NAV, partane i arbeidslivet, arbeidsgivarar, utdannings- og helseinstansar, og ikkje minst dei som sjølv står på utsida av arbeidslivet.  

Regjeringen tok initiativ til inkluderingsdugnaden, lansert 20. juni 2018.

Tre hovudområde

Inkluderingsdugnaden har tre innsatsområde: Redusert risiko ved å tilsette, arbeid og psykisk helse og bedre høve til opplæring. For NAV handlar inkluderingsdugnaden om å spisse innsatsen vår retta mot samarbeidspartane: • Samarbeid med arbeidsgivar • Samarbeid arbeid og helse • Samarbeid arbeid og utdanning

Arbeidsinkludering er ein av NAV Vestland sine kjerneaktivitetar, og noko vi jobbar med kvar dag.

Alle NAV kontora i Vestland har marknadskontaktar som kan bli kontakta for verksemder som ynskjer å bidra til arbeidsinkludering av dei som står eit stykke frå arbeidsmarknaden.

Sjå også: Veiviser til inkludering

Målgruppene for inkluderingsdugnaden er unge under 30 år som har behov for hjelp til å kome i jobb, flyktningar/innvandrarar frå landgruppe 3, og personar med nedsett funksjonsevne.

«Vi inkluderer» er eit prosjekt innanfor inkluderingsdugnaden der NAV Vestland er pilot.

Inkluderande samarbeidsavtalar

Et godt verkemiddel for rekruttering og inkludering er å inngå samarbeidsavtalar mellom NAV og næringsliv. Avtalar kan vere nasjonale og inngått sentralt av Arbeids- og velferdsdirektoratet, eller det kan vere lokale avtalar gjeldande for Vestland fylke.

Samarbeidsavtalene skal bidra til at dei prioriterte gruppene enklare kjem inn i arbeidslivet. Det betyr at dei som er eit stykke unna arbeidsmarknaden får sjansen til varig jobb via kvalifisering og tilsetting gjennom bruk av NAV sine verkemiddel etter behov.

Støtte til arbeidsgivarar

NAV Vestland kan understøtte arbeidsgivarar som bidreg til arbeidsinkludering både fagleg og økonomisk. NAV har støtteordningar som skal kompensera for lågare verdiskapingsevne samt støtteordningar ved behov for ekstra oppfølging/opplæring og utgifter til tilrettelegging: Lønnstilskudd, mentor, inkluderingstilskudd.