Publisert 28. januar 2022
I januar registrerte NAV over 9 000 ledige stillingar i Vestland fylke. Vel 8 200 vestlendingar er heilt arbeidsledige, men mange av desse manglar kompetansen som trengst i dei ledige jobbane.
I Vestland fylke er no 8 253 personar registrerte som heilt arbeidsledige. Det utgjer 2,5 prosent av arbeidsstyrken og er litt lågare enn snittet for landet.
– Eg er overraska over kor fort arbeidsløysa har gått ned sidan våren 2020. Mange bransjar er verkeleg i beit for folk no. Dei arbeidssøkarane som er ledige, manglar ofte den utdanninga og erfaringa som krevst. Ein del av løysinga er å skreddarsy opplæring slik at desse kan gå inn i dei ledige jobbane, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Det er framleis ein del arbeidsledige i Bergensområdet og nokre andre kommunar, men sett under eitt har Vestland stort behov for arbeidskraft.
Må utnytte reserven
Helse og omsorg er mellom dei som slit aller mest med få tak i nok fagfolk. Over 2 500 av dei ledige stillingane finn vi i denne sektoren. I tillegg vil om lag 9 000 tilsette nå pensjonsalderen dei neste fem åra, berre i Vestland fylke.
– I denne situasjonen blir det svært viktig å utnytte den reserven som no står utanfor arbeidsmarknaden. Alle som kan og vil jobbe, må få sjansen til å bidra. Arbeidsløysa vil truleg bli verande låg i tida som kjem, mellom anna fordi mange arbeids-innvandrarar ikkje kjem tilbake etter pandemien, seier Bogsnes.
Samarbeid får folk i jobb
NAV Vestland har fleire prosjekt for å kvalifisere arbeidssøkarar til ledige jobbar. Eit av dei er «Menn i helse» og «Kvinner i helse», eit målretta utdanningsløp for vaksne arbeidssøkarar som vil ta fagbrev som helsefagarbeidar.
– Vi samarbeider tett med fylkeskommunen, kommunane og utdanningsinstitusjonane om slike tilpassa opplæringsløp. Dette vil vi satse enda meir på i 2022. I tillegg gjer mange arbeidsgivarar ein viktig jobb med å lære opp kandidatar på arbeidsplassen, seier Anne Kverneland Bogsnes.
Færre permitteringar enn varsla
I desember fekk NAV inn permitteringsvarsel for 3 200 personar i Vestland. Etter at regjeringa offentleggjorde den nye støtteordninga, blei under ein tredel av desse sett ut i livet.
Arbeidsmarknaden i Vestland, januar 2022
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
| Januar 2022 | Januar 2021 |
Heilt ledige, Vestland | 8 253 2,5 % av arbeidsstyrken | 13 396 3,5 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 4 470 3,0 % av arbeidsstyrken | 7 403 5,0 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 4 244 | 7 175 |
Ledige under 30 år | 2 322 | 3 814 |
Permitterte, heilt eller delvis | 3 076 | 7 485 |
Ledige stillingar | 9 160 | 6 413 |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09