Publisert 26. februar 2021|Oppdatert 26. mars 2021
Talet på arbeidsledige i Vestland auka med om lag 1 300 personar frå januar til februar. 97 prosent av auken kom i butikk- og salsarbeid. No er 14 700 personar registrerte som heilt ledige i fylket.
Arbeidsløysa i fylket er 4,3 prosent, som er det same som landsgjennomsnittet. Berre i Bergen kommune er 8 562 personar heilt ledige, over dobbelt så mange som for eit år sidan. Nabokommunen Øygarden har passert 1000 ledige.
– Dette heng saman med dei siste smitteverntiltaka, som mellom anna førte til stengte kjøpesenter. Auken kjem i butikk- og salsarbeid og råkar særleg unge arbeidstakarar. Vi har godt håp om at dei fleste av desse snart er tilbake i arbeid, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Annankvar er langtidsledig
Talet på permitterte auka med 1330 personar den siste månaden. Totalt er 8 815 arbeidstakarar permitterte i Vestland. Mange av dei har snart vore ledige i eitt år, og ein del endå lengre tid.
– Eg ser med uro på at annankvar jobbsøkjar som står utan arbeid no, er langtidsledig. Det er ein ny situasjon for oss å ha så mange langtids-permitterte, og det er uvisst kor mange som vil få jobben sin tilbake etter kvart som samfunnet opnar opp, seier Bogsnes.
Ho oppmodar både permitterte og andre ledige til å tenke gjennom om dei kan bruke erfaringa si i eit anna yrke, pendle eller flytte for å finne arbeid. Det finst ledige jobbar, framfor alt i helsesektoren og i industri, bygg og anlegg. I februar vart det lyst ut nær 5 500 ledige stillingar i Vestland, 500 fleire enn på same tid i fjor.
– Mange arbeidsgivarar er flinke til å registrere ledige stillingar hos oss. Felles for dei aller fleste stillingane er at dei krev ei fagutdaning eller andre kvalifikasjonar. Eg vil difor framheve at dei som får dagpengar har høve til å ta gratis kurs eller utdanning fram til sommaren, seier Bogsnes.
Framleis tøft i reiselivet
Reiseliv og transport har flest ledige med 2 742 personar, som er ein liten nedgang frå januar. Mellom dei som vart ledige i mars og april 2020 er fire av ti framleis utan arbeid.
Høge tal finn vi også innan butikk- og salsarbeid (2 653), serviceyrke (1 659) og bygg og anlegg (1 438). I Vestland er det færrast ledige innan akademiske yrke (174) og jordbruk, skogbruk og fiske (192).
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (8,5 prosent), Ulvik (7,5 prosent) og Eidfjord (6,4 prosent). Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi Fjaler (1 prosent), Årdal (1,1 prosent) og Solund (1,2 prosent).
På statistikksida vår finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Nøkkeltal for NAV Vestland (berre heilt ledige)
| Februar 2021 | Endring frå januar 2021 |
Heilt ledige | 14.699 | 1.303 |
I prosent av arbeidsstyrken | 4,3 % | 0,4 % |
Langtids arbeidssøkarar | 6.920 | -3,6 % |
Ledig ungdom under 25 år | 2.331 | 27,2 % |
Tilgang på ledige stillingar | 5.489 | Grunna endringar i datakjelde har vi førebels ikkje samanliknbare tal for stillingar. |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96