Publisert 21. april 2020
I Vestland er arbeidsløysa på 9,9 prosent eller 33.418 personar.
Etter ei historisk vekst i arbeidsløysa dei siste vekene, ser veksten no ut til å flate ut.
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes, seier ho ser nokre lysglimt i ei vanskeleg situasjon.
– Eg vil minne om dei 2630 ledige stillingane i Vestland fylke som du finn på arbeidsplassen.no. Dette er godt nytt for alle som no er utan arbeid. Sjølv om dei aller fleste som er permittert vonleg skal tilbake til same jobb når samfunnet opnar opp igjen, vil eg oppmode alle til å sjå på mogelegheitene for ein mellombels jobb eller jobbskifte om det er aktuelt, seier Bogsnes.
Mange ledige innan reiseliv og transport
Innan helsesektoren er det mange samfunnskritiske jobbar som må dekkast opp. Bogsnes oppmodar permittert til å ta ein prat med arbeidsgjevaren sin før dei eventuelt søkjer anna arbeid.
– Ein mellombels jobb kan ofte gje deg erfaring og fagleg påfyll som du kan ta med deg tilbake bedrifta di når den startar opp igjen, seier Bogsnes.
Det er flest ledige innan reiseliv og transport (6103), butikk- og salsarbeid (4976) og serviceyrke (4761), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (231), akademiske yrke (328) og blant meklarar og konsulentar (707).
Flest ledige i Aurland
Flest ledige utanfor Bergen finn vi i Øygarden (2088 personer), Askøy (1521 personer) og i Bjørnafjorden (1279 personer). I Bergen kommune er det no 17.906 ledige.
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (21,4 %), Hyllestad (17,1 %) og Ulvik (13,3 %) medan Fjaler (3,6 %), Gulen (3,9 %) og Masfjorden (3,7 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.
Klikk her for visualisering av tala i Tableau.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96
Fakta
NAV har på grunn av situasjonen med koronavirus publisert statistikk om arbeidsmarknaden kvar veke. Statistikken inneheld førebelse hovudtal om arbeidsmarknaden. Tala er ikkje sesongjusterte, men viser kor mange som er registrert som ledige tysdag morgon kvar veke.