Publisert 18. desember 2020|Oppdatert 29. januar 2021
I desember er vel 12.300 personar registrerte som heilt ledige i Vestland. Dette er ein liten nedgang frå november. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,6 prosent.
Talet på heilt ledige har gått ned med knapt 400 personar frå november til desember, viser tal frå NAV.
– Vi står framleis i ein alvorleg situasjon der mange verksemder slit tungt, særleg i reiselivet. Det uroar oss at rundt halvparten av dei ledige har vore utan arbeid sidan i vår, og ein firedel heilt sidan før pandemien, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Ho er likevel positivt overraska over at talet på ledige har gått litt ned den siste månaden.
– Vi følgjer utviklinga nøye og er spente på korleis det vil påverke arbeidsmarknaden at vaksineringa kjem tidlegare i gang enn ein først rekna med, seier ho.
Kvar tredje er permittert
Kring en tredel av dei som står utan jobb, er permitterte. I tillegg er mange delvis permitterte og delvis i jobb.
– Desse har kortare veg tilbake i arbeid så snart samfunnet kan opne meir opp, til dømes i reiseliv, servering og transport. For den gruppa som ikkje ser for seg å kome tilbake i jobb på lang tid, kan det vere klokt å vurdere vidare utdanning eller ein annan bransje, seier Bogsnes.
NAV har registrert nesten like mange utlyste stillingar no som i desember i fjor.
Reiseliv og transport har flest ledige med 2.344 personar. Deretter følgjer serviceyrke (1.480), industri (1.291) og butikk- og salsarbeid (1.285). I Vestland er det færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (151) og akademiske yrke (162).
Under landsgjennomsnittet
I Bergen kommune er det no 6.980 heilt ledige, dobbelt så mange som i for eit år sidan.
Utanfor Bergen finn vi den største auken i arbeidsløyse frå 2019 i Øygarden (+ 354 personar), Askøy (+ 284 personar) og Bjørnafjorden (+ 200 personar).
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (8 prosent), Eidfjord (6 prosent) og Ulvik (5,1 prosent). Solund (under 1 prosent), Fjaler og Modalen (begge 1 prosent) har lågast arbeidsløyse i Vestland.
Snittet for heile fylket ligg på 3,6 prosent, under landsgjennomsnittet på 3,8 prosent.
Nøkkeltal for NAV Vestland (berre heilt ledige)
Desember 2020 | Endring frå november 2020 | |
Heilt ledige | 12.317 | - 395 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,6 % | - 0,1 % |
Langtids arbeidssøkarar | 7.009 | + 1,5 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1.634 | - 11 % |
Tilgang på ledige stillingar | 2.642 | - 3 % (jamført desember 2019) |
I Tableau kan du filtrere statistikken etter ulike kategoriar.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 970 89 209