Publisert 2. august 2019|Oppdatert 2. august 2019
I juli var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på over 1300 personar i høve til juli i fjor.
Den sesongjusterte arbeidsløysa auka med om lag 130 personar i juli, samanlikna med juni.
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.
I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,4 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 1292 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,5 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.
Unytta ressursar blant kvinner
Fungerande direktør i NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen merkar seg at det er nokre aldersgrupper som skil seg ut med høgare arbeidsløyse. Trass stor nedgang, har mellom anna kvinner mellom 25-39 år, vesentleg høgare arbeidsløyse enn snittet i dei to fylka.
– Vi kjenner ikkje årsaka til dette, men med tanke på at mange arbeidsgivarar opplever utfordringar med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft, ser vi at det ligg ein unytta ressurs i denne gruppa, seier Hysing-Olsen.
Hordaland og Rogaland står for over halvparten av nedgangen i tal på personer på landsbasis. Av dei over 4200 som har fått seg arbeid sidan i fjor, er nær 2600 frå desse to fylka.
– Arbeidsmarknaden på Vestlandet går godt, men vi vet som kjend utfordringane dette fører med seg når det gjeld å fylle ledige stillingar, seier Hysing-Olsen.
Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (914), industriarbeid (817) og serviceyrke og anna arbeid (799), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (122) og akademiske yrke (127) og blant leiarar (193).
Tjueni kommunar har under 1,5 prosent ledige
Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden i Fjell
(-87 personar), ) på Os (-74 personar). og på Bømlo (-55 personar). I Bergen kommune er det no 4045 ledige, som er 716 færre enn i fjor.
I juli er det høgst arbeidsløyse i Selje (4,4 %), Vågsøy (3,4 %) og Sund (3,3 %), medan heile tjueni av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1,5 prosent ledige.
Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,4 prosent i juli.
Nøkkeltal for Vestland
Juli 2019 | Endring frå juli 2018 | |
Heilt ledige | 7613 | -1320 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,3 % | -15 % |
Langtids arbeidssøkarar | 4091 | -16 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1087 | -4 % |
Tilgang på ledige stillingar | 3169 | 1 % |
I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, fungerande direktør i NAV Vestland, mobil 482 47 318
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96