Koronapandemien og smitteverntiltaka har ført til ein kraftig vekst for diagnosar knytt til luftvegslidingar.

– Sjukefråværet i Vestland har vore relativt stabilt over fleire år, men som venta har koronaepidemien hatt stor effekt. Det har vært ein kraftig auke i tilfelle med luftvegslidingar i 1. kvartal, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

Over ein million dagsverk gjekk tapt

Dei to klart største diagnosekategoriane i fylket er muskel-/skjelettlidingar og psykiske lidingar. I diagnosekategorien «sjukdom i luftvegane» er det det ein auke på nær 9.500 tilfelle i 1. kvartal.

Over ein million dagsverk gjekk tapt i sjukefråvær i Vestland i 1. kvartal. Det er høgst sjukefråvær i aldersgruppa 60-64 år (7,6 %), og lågast blant dei under 25 år.

Få graderte sjukefråvær

Det er høgst sjukefråvær i Eidfjord (8,4 %), Vaksdal (7,8 %) og i Modalen (7,6 %). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (3,2 %), Sogndal (4,5 %) og Vik (4,6 %). 

Det er store skilnadar mellom fylka i delen graderte sjukefråværstilfelle. Berre Rogaland og Oslo har færre graderte tilfelle enn Vestland med 17,4 prosent. 

Det legemeldte sjukefråværet i Norge er no 6,1 prosent, det same som i Vestland. 

For kommentar til meldinga, kontakt: 

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059 Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96