Publisert 30. april 2020
I Vestland var arbeidsløysa ved utgangen av april på 9,3 prosent eller 31.352 personar. Det er ein auke på 322 prosent frå same månad i fjor som utgjer 23.919 personar.
Berekningar syner at om lag tre av fem heilt ledige er permitterte, medan det same gjeld om lag tre av fire av dei delvis ledige.
Det er framleis stor tilstrøyming av nye arbeidssøkarar samanlikna med i fjor, men summen av helt ledige og delvis ledige er relativt stabil i Vestland.
Frå mars til april i år er det ein reduksjon i talet på heilt ledige på 2922 personar (-9,3%) og ein auke i delvis ledige på 3756 (32%). Ein ser den same utviklinga nasjonalt. Auken i delvis ledige skuldast at stadig fleire sender meldekort der dei informerer om at dei har jobba noko.
– Effekten av gjenopninga av ein del verksemder vil vi først gradvis sjå neste månad. Nokre bransjar ser ut til å kome i gang att, men vi ser som sagt også at det framleis kjem nye ledige til, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Nedgang i ledige innan butikk- og salsarbeid
Det er flest ledige innan reiseliv og transport (5855), butikk- og salsarbeid (4342) og serviceyrke (4501) medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (230), akademiske yrke (339) og undervisning (760).
Tala syner at det er endringar i marknaden. Samanlikna med førre månad er det mellom anna en nedgang blant ledige innan butikk- og salsarbeid på over 1300 personar og blant leiarar på rundt 500 personar.
– Unge under 30 år er blitt råka hardast av krisa på arbeidsmarknaden så langt, då mange av desse hadde jobb innan butikk og reiseliv/overnatting. Litt over 10.000 unge ledige i Vestland er dramatisk. NAV vil gje denne gruppa særleg prioritet utover våren, seier Bogsnes.
Talet på ledige stillingar har gått ned med 34 prosent sidan april i fjor. Innan barne- og ungdomsarbeid er det derimot ein auke på 86 prosent.
Store skilnadar mellom kommunane
Størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi i Øygarden (+ 1401 personer), Askøy (+1121 personer) og i Alver (+935 personer). I Bergen kommune er det no 16.805 ledige, ein auke på 12.838.
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (20,5 %), Hyllestad (17,5 %) og Ulvik (12,5 %) medan Masfjorden, Gulen (begge 3,4 %) og Vik (3,7 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.
Arbeidsløysa i heile Noreg samla er på 9,6 prosent i april.
Klikk her for visualisering av hovudtala.
Klikk her for visualisering av utviklinga siste tre månader.
Nøkkeltal for NAV Vestland
April 2020 | Endring frå april 2019 | |
Heilt ledige | 31.352 | 23.919 |
I prosent av arbeidsstyrken | 9,3 % | 322 % |
Langtids arbeidssøkarar | 4370 | 17 % |
Ledig ungdom under 25 år | 5320 | 410 % |
Tilgang på ledige stillingar | 2795 | - 34 % |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96