Publisert 3. juni 2021
I første kvartal 2021 var det legemeldte sjukefråværet i Vestland 5,7 prosent. Det er ein nedgang på 0,3 prosentpoeng frå same periode i fjor, og nærmar seg nivået frå før pandemien.
Etter fleire år med stabilt sjukefråvær på rundt 5,4 prosent, steig det merkbart våren 2020 i samband med nedstenging og andre smitteverntiltak. Ferske tal frå NAV viser at sjukefråværet no har gått ned, sjølv om det framleis ligg eit stykkje over 2019-nivå.
– Pandemien har gitt utslag på sjukefråværet i kommunar med større smitteutbrot. Til dømes ser vi ein auke i både Ulvik og Fjaler. I tillegg har fleire typiske industrikommunar i Sunnhordland og Nordfjord same eller høgare sjukefråvær enn på same tid i fjor, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Bergen er mellom kommunane med nedgang i sjukefråværet og ligg på 5,4 prosent i første kvartal 2021.
Meir sjukefråvær i skuleverket
To bransjar peikar seg ut med ein auke frå same periode i fjor: Undervisningssektoren og oljeindustrien. Høgast fråvær har likevel helse- og sosialsektoren med 8,7 prosent.
Korttidsfråværet går tydeleg ned, medan det er fleire lange sjukefråvær.
– Vi registrerer ein auke i talet på arbeidstakarar som går frå sjukemelding til arbeidsavklaringspengar. Dette gir grunn til uro, på same måte som den auken vi ser i langtidsledigheit. Vi må forsøke å bryte slike negative spiralar for å førebyggje at arbeidstakarar opplever utanforskap over lang tid, seier Bogsnes.
Fakta om sjukefråværet i Vestland
- Alder: Høgast fråvær i gruppa 60–69 år (7,2 prosent), og lågast i dei yngste aldersgruppene. Yngre arbeidstakarar har også ein større nedgang frå i fjor.
- Kommunar: Høgast fråvær i Eidfjord (7,8 prosent) og Stryn (7,0 prosent).
- Lågast fråvær i Aurland (3,5 prosent), Hyllestad og Årdal (begge 4,2 prosent).
- Årsaker: Muskel- og skjelettplager er årsak til over 38 prosent av dei tapte dagsverka. Deretter kjem psykiske plager med 21 prosent. Luftvegsplager er nede på 6 prosent.
- Det legemeldte sjukefråværet i Vestland er på nivå med snittet for heile landet.
Tal for alle kommunane i Vestland finst under Relatert innhald og på statistikksidene våre.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 970 89 209