Publisert 3. juli 2020|Oppdatert 2. oktober 2020
Talet på heilt arbeidsledige i Vestland fylke er redusert med over 5.000 personar frå mai til 15.572 ved utgangen av juni.
– Det er positivt at nedgangen i arbeidsløysa held fram. Sidan utgangen av april er talet på heilt ledige halvert i fylket vårt, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Ho synast det er positivt at mange av dei som blei ledige i mars no er kome seg ut i arbeid att.
– Av dei 37.000 som registrerte seg som heilt eller delvis arbeidssøkjande i mars, er over 20.000 allereie ute av statistikken att, seier Bogsnes.
Arbeidsløysa i Vestland er no på 4,6 prosent og Norge har noko meir med 4,8 prosent.
Permitterte er mindre aktive
Om lag ein tredel av dei heilt ledige er 100 prosent permittert, og utgjer om lag 6.000 personar.
Bogsnes oppmodar permitterte til å halde tett kontakt med arbeidsgivar og tenkje nøye gjennom kva som er sannsynleg framtidsscenario for verksemda dei er permittert frå.
– Vår erfaring er at dei permitterte ikkje er like aktive som andre ledige når det gjeld å søkje jobbar og halde seg i aktivitet. Dersom permitteringa blir langvarig, eller endar med oppseiing, vil dei tape på at dei ikkje har tenkt framover, seier Bogsnes.
Det er flest ledige innan reiseliv og transport (2.616), butikk- og salsarbeid (1.795) og serviceyrke (1.740), men det er også i desse yrkesgruppene at arbeidsløysa går mest ned. Det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (167), akademiske yrke (233) og undervisning (387).
Store skilnadar mellom kommunane
Samanlikna med i fjor finn vi størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+ 494 personer), Askøy (+418 personer) og på Stord (+362 personer). I Bergen kommune er det no 8.761 ledige, ein auke på 5.006 sidan juni 2019.
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Bergen (5,7 %), Aurland (5,6 %) og Ulvik og Fedje (begge 5,5 %) medan Fjaler (1,3 %), Vik (1,4 %), Gloppen og Gulen (begge 1,7 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.
Nøkkeltal for NAV Vestland
| Juni 2020 | Endring frå mai 2020 |
Heilt ledige | 15.572 | - 5.105 |
I prosent av arbeidsstyrken | 4,6 % | -25 % |
Langtids arbeidssøkarar | 4.294 | 2 % |
Ledig ungdom under 25 år | 2.268 | - 29 % |
Tilgang på ledige stillingar | 4.021 | - 21 % (endring frå juni i fjor) |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096