Publisert 27. november 2020
Talet på heilt ledige i Vestland har auka med over 1.200 personar frå oktober til november. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,7 prosent.
Den gradvise nedgangen i arbeidssøkjarar som står utan jobb, fekk ein brå stopp då nye korona-tiltak blei sett i verk i starten av november. Dette viser tal frå NAV for november.
Tre av fire nye arbeidssøkjarar er permitterte.
– Auken i arbeidsløysa syner at forholda på arbeidsmarkanden vil svinge i lang tid framover. No er det desto viktigare at dei som er heilt ledige og permitterte, tenkjer nøye gjennom kva som er lurt å gjere for å unngå langvarig utanforskap frå arbeidsmarknaden, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Auk kompetansen og utvid horisonten!
Den viktigaste bodskapen til Bogsnes er at dei heilt ledige og permitterte ikkje må gå passive.
– Det vil ta lang tid før arbeidsmarknaden er tilbake til «normalen». Eg vil oppmode ledige og permitterte til å bruke tida smart ved å skaffe ny kompetanse gjennom tiltak eller utdanning, og sjå etter mogelegheit for å bruke den kompetansen dei har i andre bransjar. Det er trass alt over 3.000 ledige stillingar i fylket, seier Bogsnes.
Det er flest ledige innan reiseliv og transport (2.471), serviceyrke (1.580) og butikk- og salsarbeid (1.303), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (155), akademiske yrke (162) og undervisning (251).
Over 800 fleire ledige i Bergen
– Reiselivsbransjen er hardast råka, det ser ein mellom anna svært godt i Bergen, der det er over 800 fleire ledige sidan førre månad. Mange ledige med bakgrunn frå reiseliv har kompetanse som kan være nyttig i andre bransjar. Den 7. desember vil dei få moglegheit til å vise seg fram når NAV region Bergen arrangerer ei stor digital jobbmesse. Vi oppmodar alle bedrifter med behov for folk til å ta kontakt med oss for å delta på messa. Mange av dei ledige som kjem på messa, har bakgrunn frå reiseliv, seier Bogsnes.
Samanlikna med i fjor finn vi størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+409 personar), Askøy (+361) og på Stord (+184 personar). I Bergen kommune er det no 7.295 ledige, ein auke på 3.764 sidan november 2019.
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (8,7 %), Eidfjord (5,4 %) og Ulvik (5,3 %), medan Modalen, Fjaler (begge under 1 %) og Solund 1,2 % har lågast arbeidsløyse i Vestland.
Snittet for heile fylket ligg på 3,7 prosent, som er lågare enn landsgjennomsnittet på 3,9 prosent.
Sjå visualisering av tala her.
Nøkkeltal for NAV Vestland (kun heilt ledige)
November 2020 | Endring frå oktober 2020 | |
Heilt ledige | 12.712 | + 1.235 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,7% | + 0,3 % |
Langtids arbeidssøkarar | 6.905 | + 0,5 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1.836 | + 16% |
Tilgang på ledige stillingar | 3.299 | - 5 % (jamført november 2019) |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096