Publisert 17. desember 2021|Oppdatert 17. desember 2021
Arbeidsløysa i Vestland fylke er på 2,1 prosent, ein auke på over 150 personar sidan november.
6 994 personar er registrerte som heilt arbeidsledige i Vestland. Dette er 2,1 prosent av arbeidsstyrken og like under landsgjennomsnittet på 2,2 prosent.
Tala er henta ut måndag denne veka, før regjeringa offentleggjorde dei siste koronatiltaka.
– Vi trur diverre at desse tala ikkje syner heile situasjonen. Vi har heilt sidan førre veke fått ein jamn straum med permitteringsvarsel, som gjeld nær 1500 personar i Vestland i desember, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Utelivet hardt råka igjen
Det fleste av varsla gjeld verksemder i eller rundt Bergen, og særskilt innan uteliv.
– Vi blir kontakta av mange fortvilte arbeidstakarar og arbeidsgivarar, som nok ein gang er råka av tiltaka. Det er veldig tøft for dei det gjeld, seier Bogsnes.
Ho er spent på detaljane i lønnskompensasjonsordninga som blir lagt fram av næringsministeren i dag.
– Lønnsstøtteordninga vil nok vere avgjerande for om verksemdene klarer å halde tilsette i arbeid og å kome seg gjennom endå ein periode med brått, sviktande inntektsgrunnlag, seier Bogsnes.
Store variasjonar i fylket
For berre nokre veker sidan meldte NAV Vestland om ein historisk god arbeidsmarknad, og at det var store moglegheiter for å finne jobb. Tala syner at arbeidsløysa framleis er svært låg fleire stader i fylket, trass i uvisse for nokre bransjar.
Hyllestad kommune har den høgaste arbeidsløysa i fylket med 6,7 prosent. I Bergen er 2,4 prosent av arbeidsstyrken, eller 3 711 personar, heilt ledige. Reiseliv og transport har flest ledige i fylket med 961 personar. Deretter følgjer industri (878) og serviceyrke (792).
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Nøkkeltal for NAV Vestland (berre heilt ledige)
| Desember 2021 | Endring frå november 2021 |
Heilt ledige | 6 994 | + 2,3 % |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,1 | + 5 % |
Langtidsledige | 4 077 | - 0,9 % |
Ledig ungdom under 25 år | 899 | + 4,4 % |
Tilgang på ledige stillingar | 2 384 | Grunna endringar i datakjelde har vi førebels ikkje samanliknbare tal for stillingar |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96