Publisert 16. mars 2020|Oppdatert 16. mars 2020
Bergen kommune og NAV Vestland har som følgje av nye nasjonale råd for å redusere faren for smitte, bestemt at alle NAV-kontora i Bergen kommune stenger publikumsmottaket frå og med mandag 16. mars 2020.
Dette er både av omsyn til brukarane, men også for å unngå at dei tilsette i NAV vert sjuke, slik at viktige samfunnsfunksjonar vert ramma.
Korleis kjem brukar i kontakt med oss no?
– Vi prøver så godt vi kan å svare alle som treng kontakt med oss, men ber om at saker som ikkje hastar må vente, seier direktør i NAV Vestland Anne Kverneland Bogsnes.
For å unngå altfor stor pågang, ønskjer vi at brukarane først sjekkar ut oppdatert informasjon på samlesida vår på nav.no: Koronavirus - informasjon frå NAV.
– Brukarar som er registrert hjå oss vert på det sterkaste oppmoda til å kontakte oss digitalt, seier Bogsnes.
Mange møter NAV for første gong som permittert eller arbeidsledig. Dei må gjere følgjande:
Steg 1: Registrer seg som arbeidssøkar på nav.no, seinast første permitteringsdag.
Steg 2: Søkje om dagpengar.
Steg 3: Sende meldekort kvar 14. dag.
Steg 4: Følg saka si på DittNAV.
Personleg oppmøte på NAV-kontoret i Bergen er ikkje lenger mogeleg
Brukarar som ikkje kan bruke digitale tenester, kan få timeavtale som gjeld søknad om nødhjelp, økonomisk sosialhjelp og hjelp til å søke om dagpengar ved permittering, sjukemelding, eller andre kritiske situasjonar. Ettersom det ikkje er høve til å møte direkte, må slike møte gå via telefon eller video.
Innbyggarar som vil søke økonomisk sosialhjelp kan logge seg inn på nav.no og søke digitalt, eller hente skjema som blir sett fram i nærleiken av inngangsdøra til kommunen sitt NAV-kontor. Søknadsskjema kan sendast i posten eller leggast i postkasse ved kvart NAV-kontor.
Brukarar som har behov for midlertidig butilbod eller nødhjelp kan ta kontakt med NAV-kontoret på telefon 5555 3333.
Timeavtalar som gjeld andre ting enn det som er vist til over, kan bli avlyst og brukar vil få beskjed på SMS, Ditt NAV (nav.no) eller telefon. Alle vil få utbetaling frå NAV, sjølv om avtalen blir avlyst eller utsett.
Kontakt på telefon
Brukarane kan framleis ringe NAV dersom det hastar, men ventetida kan være lengre enn det som er ønskjeleg, så vi ber deg vere tolmodig.
Kontakt
Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland, 905 21 059
Tommy Johansen, kommunaldirektør, Byrådsavdeling for arbeid, sosial og bolig. Bergen kommune, 975 67 035