Publisert 24. september 2021
Presseinfo frå NAV Vestland og Bergen kommune: NAV-kontoret på Danmarks plass blir ikkje opna for publikum i veke 39. Mange tilsette har det svært tøft etter drapet på ein kollega måndag 20. september.
Status fredag er at NAV Årstad framleis er stengd for fysiske møte, og det er ikkje bestemt når kontoret opnar att. Medarbeidarane får tett oppfølging for å jobbe seg gjennom det dei har opplevd og gradvis å kome tilbake på kontoret. Over 20 av dei har takka ja til samtale med psykolog.
– Vi kan slå fast det ikkje blir opning i neste veke. Folk har det veldig tøft. Nokre er tilbake på jobb, medan andre ikkje er klare for det. Leiarane følgjer opp og sikrar at dei har eit godt apparat rundt seg. Dei opplever også ein støtte og omsorg frå brukarar, kollegaer landet rundt og andre som varmar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Både brukarar og andre har sendt blomstrar og helsingar til kontoret.
Torsdag opna dei fire andre NAV-kontora i Bergen for fysiske møte etter å ha vore stengde sidan måndag. NAV Bergenhus, NAV Bergen nord, NAV Bergen sør og NAV Bergen vest har forsterka vakthald inntil vidare.
– Alle kontora melder at opninga gjekk etter planen. Dei tilsette var godt førebudde, og vi hadde to vektarar til stades på alle kontora. Ei rekkje brukarar uttrykte støtte og sympati, seier kommunaldirektør Tommy Johansen i Bergen kommune.
NAV Bergenhus tar i mot brukarar utan avtale og andre hastesaker på vegne av NAV Årstad.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, tlf. 90 50 70 96
For generelle og nasjonale spørsmål:
Pressevakt i Arbeids- og velferdsdirektoratet, tlf. 40 00 31 44