Publisert 2. oktober 2020|Oppdatert 29. oktober 2020
Talet på heilt ledige i Vestland er redusert med 1.737 personar frå august til september. Samstundes er talet på langtids arbeidssøkarar dobla samanlikna med førre månad. Arbeidsløysa i fylket er no på 3,6 %.
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes seier det er som forventa at arbeidsløysa går ned, men at det skjuler seg store utfordringar bak tala.
Om ein legg saman talet på heilt ledige og delvis ledige i Vestland som er langtids arbeidssøkarar, er det nær ein dobling på berre ein månad.
I august var talet på heilt og delvis ledige som har vore ledig i 26 veker eller meir, om lag 7.500, medan det i september er over 14.000.
– Det er dette vi har frykta, og er bekymra for. Sjølv om ein del av dei langtidsledige er permitterte veit vi også at fleire av disse kan ende opp med å miste jobben. Når verksemdene etter kvart ikkje lenger drar nytte av tiltakspakkene dei har fått i samband med koronasituasjonen, kan resultatet vere at dei må seie opp dei permitterte, seier Bogsnes.
Mange kjem seg attende i jobb
På den positive sida nemner Bogsnes at talet på permitterte går jamt nedover, og at det er ein viss gjennomstrøyming i marknaden.
– Det er framleis tilgang på nye arbeidssøkarar, men det er også mange som kjem seg attende i arbeid. Det er positivt, seier Bogsnes.
Store skilnadar mellom kommunane
Det er flest ledige innan reiseliv og transport (1.880), serviceyrke (1.322) og butikk- og salsarbeid (1.295), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (140), akademiske yrke (183) og undervisning (301).
Samanlikna med i fjor finn vi størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+875 personar), Askøy (+631) og Bjørnafjorden (+480 personar). I Bergen kommune er det no 6.887 ledige, ein auke på 3.176 sidan august 2019.
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Aurland (4,5 %), Øygarden (4,4 %) og Bergen (4,4 %), medan Gloppen (1,1 %), Fedje og Solund ( begge 1,2 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.
Her finn du visualisering av tala.
Nøkkeltal for NAV Vestland (kun heilt ledige)
| September 2020 | Endring frå august 2020 |
Heilt ledige | 12.189 | - 1.737 |
I prosent av arbeidsstyrken | 3,6 % | - 12 % |
Langtids arbeidssøkarar | 6.892 | 45 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1.774 | - 12% |
Tilgang på ledige stillingar | 4.414 | 2 % (jamført september 2019) |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096