– Dette er ei utviklinga som venta. Nedgangen i arbeidsløysa held fram, men ikkje i same tempo som før sommaren, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.

Ho er spent på fortsettinga, og har ei klår oppfordring til dei verksemdene som no merkar at etterspørselen tar seg opp.

– Dei verksemdene som har permittert, men no har høve til å ta inn sine medarbeidarar, bør gjere det no.  Vi må halde økonomien i gong, og hugse på at det framleis er ein dugnad. Eg håpar flest mogeleg har høve til å ta dei tilsette tilbake, sjølv om permitteringsordninga no er utvida.  Det er ikkje berre viktig for å halde økonomien i gang, det er også svært viktig for den enkelte arbeidstakar, seier Bogsnes.

Ventar fleire langtidsledige

Ho vil følgje nøye med på utviklinga av langtids arbeidssøkarar framover.  – Vi venter at talet på langtidsledige vil auke framover, og det er bekymringsfullt. Vi veit at jo lenger ein går ledig, jo vanskelegare blir det å kome tilbake i arbeidslivet, seier Bogsnes.

Ho understrekar at det framleis er mange ukjende faktorar som vil avgjere korleis markanden utviklar seg i løpet av hausten.

– Om det kjem nye nedstengingar lokalt eller internasjonalt kan det få konsekvensar for marknaden her på Vestlandet. Det er mykje vi ikkje veit, seier Bogsnes. 

Store skilnadar mellom kommunane 

Det er flest ledige innan reiseliv og transport (1.949), industriarbeid (1.501) og butikk- og salsarbeid (1.501), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (149), akademiske yrke (198) og blant meklarar og konsulentar (413).  

Samanlikna med i fjor finn vi størst auke i arbeidsløysa utanfor Bergen i Øygarden (+406 personer), Askøy (+356 personer) og i Alver (+269 personer). I Bergen kommune er det no 7.590 ledige, ein auke på 3.684 sidan august 2019. 

Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Austrheim (5,2 %), Øygarden (5,0 %) og Bergen (4,9 %), medan Gloppen (1,3 %), Vik (1,4 %) og Gulen (1,7 %) har lågast arbeidsløyse i Vestland.

Her finn du visualisering av tala.

Nøkkeltal for NAV Vestland

 

August 2020

Endring frå juli 2020

Heilt ledige

13.926

-1.983

I prosent av arbeidsstyrken

4,1 %

 -0,6 %

Langtids arbeidssøkarar

4.771

-4 %

Ledig ungdom under 25 år

2.002

- 3 %

Tilgang på ledige stillingar

2.533

-22  %

(jamført august 2019)

For kommentar til meldinga, kontakt: 

Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059 

Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096