Publisert 3. august 2020|Oppdatert 3. august 2020
Talet på permitterte i Vestland fylke er redusert med 4 390 personar frå juni.
– Dette er ein konsekvens av aukande aktivitet i fleire av bransjane som har vore hardast råka av korona-situasjonen. Samstundes er talet på heilt ledige er stabilt, med ein svak auke på 337 personar noko som ikkje er uvanleg i juli månad, seier fungerande direktør NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.
I Vestland er arbeidsløysa no 4,7 prosent mot 4,6 prosent i juni. På landsnivå er arbeidsløysa på 4,9 prosent.
– Samla sett ser vi same utvikinga i Vestland fylke som på landsnivå. På Vestlandet elles noterer Rogaland ei arbeidsløyse på 4,9 prosent og Møre og Romsdal 4,2 prosent. Oslo ligg høgast med 6,7 prosent og i den andre enden finn vi Nordland med berre 3,2 prosent, fortel Hysing-Olsen.
Nedgang i alle bransjar
Som følge av at mange permitterte er tilbake i full jobb fall talet på delvis ledige kraftig frå 14 583 til 9 479 sidan juni.
Som følge av at mange permitterte er tilbake i full jobb fall talet på på delvis ledige kraftig frå 14 583 til 9 479 sidan juni.
Dette gjeld innan alle bransjar, og som venta er det sterk nedgang innan butikkarbeid med -738 personar, reiseliv og transport -669 personar, men gledeleg også for industri og bygg og anlegg med høvesvis -533 og -397.
På landsnivå mellom fylka, er det store skilnader mellom kommunane i Vestland i arbeidsløyseprosent. Bergen har framleis godt over halvparten av alle ledige i fylket, noko som utgjer 5,6 prosent av arbeidsstyrken, berre «slått» av Stord med 5,9 prosent. I den andre enden er Gulen med 1,2 prosent og Vik med 1,4 prosent. Heile 15 kommunar har 3 prosent eller lågare arbeidsløyse i Vestland.
Skarp konkurranse om jobbane
Stillingstilgangen i juli er opp med 7 prosent samanlikna med juli i fjor. Det vart utlyst 2 719 stillingar. Flest innan butikk og salsarbeid (629), helse/pleie/omsorg (433) og bygg og anlegg (318).
– Dette er godt nytt for alle dei som framleis er heilt eller delvis utan arbeid i fylket, men det er sjølvsagt skarp konkurranse om jobbane når så mange med erfaring og kompetanse er ledige, seier Hysing-Olsen.
Fleire langtidsledige
Talet på personar som har vore ledige over 26 veker utgjer no 4 963 personar, ein auke på 669 frå juni. Dette er ikkje uventa ettersom mange av dei som var ledige før krisa ikkje har kome i arbeid att og såleis blir det stadig fleire langtidsledige.
– Dette er ei utvikling som vi følgjer nøye og vil prioritere innsats på framover, seier Hysing-Olsen.
– Utsiktene framover er usikre. Det vil ta tid å erstatte tap av arbeidsplassar som følgje konkursar og nedskjeringar, sjølv om konsekvensane av pandemien vonleg vert mindre utover hausten. Om det ikkje kjem alvorlege tilbakeslag ventar vi at stoda i fylket vil utvikle seg positivt fram mot årsskiftet. Vår beste spådom for neste år er at bruttoarbeidsløysa i gjennomsnitt, vil vere rundt en tredjedel av kva den har vore på det høgaste under koronakrisen og nesten tilbake til situasjonen før krisa mot slutten av 2021, avsluttar Hysing-Olsen.
Nøkkeltal for NAV Vestland
Juli 2020 | Endring frå juni 2020 | |
Heilt ledige | 15.909 | 337 |
I prosent av arbeidsstyrken | 4,7 % | 0,1 % |
Langtids arbeidssøkarar | 4.963 | 16 % |
Ledig ungdom under 25 år | 2.054 | - 9,4 % |
Tilgang på ledige stillingar | 2.719 | 7 % (endring frå juni i fjor) |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, fungerande direktør NAV Vestland, tlf: 48 24 73 18
Frode Henden, senior kommuikasjonsrådgjevar, tlf: 91 83 57 04