Publisert 31. januar 2020|Oppdatert 31. januar 2020
Ved utgangen av januar var 7551 heilt ledige i Vestland fylke. Dette er ein reduksjon på 1262 frå same månad i fjor. Arbeidsløysa i Vestland er no nede på 2,2 prosent.
Saman med Møre og Romsdal, har Vestland ein reduksjon på 12 prosent, medan landet samla har ein reduksjon på 4 prosent.
– Den positive utviklinga på Vestlandet held såleis fram, men vi ser tendens til noko svakare utvikling dei siste månadane, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør for NAV Vestland.
Ventar låg folketalsvekst
Dette vert bekrefta av dei sesongjusterte arbeidsløysetala, som frå desember til januar syner flat utvikling. Det same ser vi på landsnivå. Likevel er det gode utsikter for arbeidsmarknaden i Vestland, syner NAV Vestland si prognose for 2020.
– Arbeidsmarknadsprognosen vår teiknar eit relativt optimistisk bilete for det komande året, seier Bogsnes.
Situasjonen på arbeidsmarknaden er gjennom 2019 blitt normalisert etter oljenedturen. Investeringane som er gjort i oljesektoren i 2018 og 2019, har bidratt monaleg til denne utviklinga. Prognosen syner ein ytterlegare reduksjon i bruttoarbeidsløysa (heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak) i 2020, frå eit gjennomsnitt på 8883 i 2019 til 8280 i 2020. Dette er ein reduksjon på om lag sju prosent. Men det er likevel nokre skyer i opptrekk på ein elles blå himmel.
– Vi ventar ein relativt låg folketalsvekst grunna redusert tilflytting frå utlandet, og bedrifter og offentleg sektor melder om aukande vanskar med å finne nok kvalifisert arbeidskraft, seier Bogsnes.
Stadig eldre arbeidsstyrke i Vestland
Prognosen syner ein liten vekst i folketalet 15-74 år og som konsekvens; ein liten vekst i arbeidsstyrken. Det er den eldre delen av arbeidsstyrken som veks, medan den minkar i aldersgruppa 15-29 år og 40-49 år. Dei store etterkrigskulla vert snart pensjonistar. Når også arbeidsinnvandringa bremsar kraftig opp, blir det svært utfordrande å erstatte dei. Alt i dag er det 18 816 (6 prosent) sysselsette over gjennomsnittleg pensjonsalder, og dei komande fem åra vil 25 540 (7 prosent) i Vestland nå pensjonsalder.
Det er eit tydeleg bilde av ein større vekst i sysselsettinga i Bergensområdet og mindre i Sogn og Fjordane og Voss og Hardanger. Dette skuldast både næringsstruktur og demografiske utviklingstrekk, der by og bynære område er vinnarane både når det gjeld tilflytting og fødselsoverskot. Tilgang på nok kompetent arbeidskraft er den store bekymringa når ein ser framover nokre år.
– Bedrifter med utviklingspotensiale får ikkje realisert dette, og kommunane, som den viktigaste tenesteleverandøren for oss alle, vil få store vanskar både med kapasitet og kvalitet. I så måte er mangelen på kvalifisert helsepersonell alt no svært utfordrande i mange kommunar, seier Bogsnes.
– Med eit slikt utfordringsbilete, kan vi ikkje slå oss til ro med at 1 av 5 i arbeidsfør alder står utanfor arbeidslivet. I Vestland utgjer dette over 60 000 personar, som er godt over tal sysselsette i «gamle» Sogn og Fjordane fylke, legg Bogsnes til.
Brorparten av gruppa som står utanfor arbeidslivet har helsemessige utfordringar som gjer at dei ikkje kan delta.
– Men vi veit at det mange som kan og vil, men som ikkje slepp til. Ny arbeidsmetodikk i nært samarbeid med helsesektoren og næringslivet, syner at mange som har vore lenge utanfor arbeidslivet kan gjere ein fullgod jobb med god tilrettelegging og oppfølging. Som det går fram av prognosen, er dette ein særleg viktig arbeidskraftreserve i kommunar med låg folketalsvekst, og dei har vi mange av i Vestland, seier Bogsnes.
Litt om kommunar og bransjar
Som vanleg noko variasjon mellom kommunane i eit fylke med små og store kommunar (der tala svingar mykje) og svært ulik næringsstruktur.
På botn finn vi: På topp finn vi:
Fjaler 0,7 prosent Modalen 5,5 prosent
Vik 0,7 prosent Eidfjord 4,1 prosent
Masfjorden 0,9 prosent Ulvik 3,1 prosent
I januar fell arbeidsløysa kraftig i fleire av dei viktigaste næringane i Vestland. Bygg og anlegg ned 19 prosent, industri ned 26 prosent og nedgangen for ingeniør og IKT stuper framleis med heile 35 prosent.
Nøkkeltal for NAV Vestland
| Januar 2020 | Endring frå januar 2019 |
Heilt ledige | 7551 | -1262 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,2 % | -14 % |
Langtids arbeidssøkarar | 3126 | - 17% |
Ledig ungdom under 25 år | 1152 | - 15 % |
Tilgang på ledige stillingar | 6197 | 7 % |
I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala er justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704