Publisert 1. februar 2019|Oppdatert 1. februar 2019
I januar var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,6 prosent av arbeidsstyrken. Det betyr ein nedgang på 337 personar i høve til i fjor.
I januar auka den sesongjusterte arbeidsløysa med nær 700 personar samanlikna med desember. Tek vi med personar i arbeidsmarknadstiltak er auken på rundt 800 personar.
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og vil frå no av gje ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.
I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,8 prosent av arbeidsstyrken – ein nedgang på 370 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet (1,7 %), til trass for ein liten auke på 33 personar. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.
Sterk nedgang innan ingeniør- og IKT-fag
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes er ansvarleg for eit område med gode utsikter i arbeidsmarknaden.
– Dei økonomiske utsiktene for Vestland i 2019 er gode. Veksten i global og norsk økonomi dreg i positiv retning, samstundes som det er forventa store investeringar i oljesektoren. Det ser vi att i tala for januar, med sterk nedgang i arbeidsløysa innan ingeniør- og IKT-fag (-247), industriarbeid (-281) og i bygg og anlegg (-145). Det er også stor nedgang i talet på permitterte, færre arbeidssøkarar i tiltak og færre langtids arbeidssøkarar i høve til i fjor, seier Bogsnes.
Store geografiske forskjellar
Sjølv om det er kraftig nedgang i arbeidsløysa innan både bygg og anlegg og industriarbeid, er det i desse gruppene ein framleis finn flest ledige. Innan bygg og anlegg er det 1146 ledige, innan industriarbeid er det 1061 ledige og i butikk- og salsarbeid er det 976 ledige, medan det er færrast ledige blant leiarar (138), innan akademiske yrker (149), og jordbruk, skogbruk og fiske (182).
Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Stord (-77 personar) og i Fjell (-56 personar).
Bergen kommune er det no 4599 ledige, som er 100 færre enn i fjor.
I januar er det høgst arbeidsløyse i Ulvik (4,5 %), Sund og Modalen (4,3 %), medan Vik, Gaular og Hornindal (mindre enn 1 prosent) har færrast ledige i dei to fylka.
Arbeidsløysa i heile Noreg samla, er 2,6 % i januar.
Nøkkeltal for Vestland
Januar 2019 | Endring frå januar 2018 | |
Heilt ledige | 8813 | -337 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,6 % | -4 % |
Langtids arbeidssøkarar | 3762 | -13 % |
Ledig ungdom under 25 åe | 1355 | 12 % |
Tilgang på ledige stillingar | 5736 | 12 % |
For kommentar til meldinga, kontakt:
• Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
• Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar NAV Vestland, mobil 918 35 704