Publisert 8. september 2022
Sjukdom i luftvegane var ein viktig årsak til at vestlendingar var heime frå jobben i april, mai og juni. Sjukefråværet i andre kvartal enda på 5,4 prosent, viser tal frå NAV Vestland.
Det legemeldte sjukefråværet i Vestland i andre kvartal 2022 ligg på same nivå som i fjor. 27 prosent av alle fråværstilfella skuldast sjukdom i luftvegane. I andre kvartal i fjor utgjorde luftvegsplager berre 12 prosent av tilfella.
Muskel- og skjelettsjukdom gir flest sjukedagar
– Vi har sett ein kraftig auke i luftvegssjukdom denne vinteren og våren. Likevel er eg meir bekymra for langvarige fråvær som følgje av muskel- og skjelettplager og psykiske lidingar, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Ser vi på kor mange dagsverk som gjekk tapt på grunn av sjukdom, er det nemleg muskel- og skjelettplager som ligg på topp. Denne diagnosen er årsak til meir enn kvart tredje tapte dagsverk. Totalt registrerte NAV Vestland over 862 000 planlagde dagsverk som ikkje blei utført på grunn av sjukdom.
Systematisk førebygging gir resultat
Sjukefråværet hos arbeidstakarar under 30 år auka meir enn hos dei eldre. Men det er framleis slik at eldre arbeidstakarar er meir sjukemeldte.
– Vi ser også ein tendens til at langvarige sjukefråvær aukar, noko som sjølvsagt er uheldig. Men det går an å gjere noko med det. Verksemder som jobbar systematisk med arbeidsmiljø og førebygging, får gode resultat. Eg vil oppmode til å ta kontakt med NAVs arbeidsgivartelefon, der dei kan få vite meir om kva tilbod vi kan gi, seier Bogsnes.
Fakta om sjukefråværet i Vestland, andre kvartal 2022
- Høgast fråvær i Hyllestad (7,3 prosent), Vaksdal (6,5 prosent) og Askøy og Øygarden (begge 6,4 prosent)
- Lågast fråvær i Aurland (3,8 prosent) og Gloppen (4,1 prosent)
- Sjukdom i luftvegane er årsak til 27 prosent av sjukefråværstilfella. Deretter kjem muskel- og skjelettplager med 26 prosent og psykiske lidingar med 15 prosent.
- Helse- og sosialsektoren ligg høgst av alle bransjar med eit sjukefråvær på 8 prosent.
- To av tre sjukefråvær er kortare enn 16 dagar.
- Sjukefråværet i Vestland ligg litt over landsgjennomsnittet (5,2 prosent).
Tal for alle kommunane i Vestland finst på statistikksidene våre.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 97 08 92 09