Publisert 11. desember 2018|Oppdatert 8. januar 2019
NAV Vestland ventar større fall i ledigheten i Hordaland og Sogn og Fjordane enn elles i Noreg.
Situasjonen i arbeidsmarknaden har betra seg, og spådommane for neste år er gode: NAV trur arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane i 2019 vert redusert med nye 10 prosent, eller om lag 1000 personar.
Anne Kverneland Bogsnes blir frå nyttår fylkesdirektør i nyetablerte NAV Vestland. Den nye direktøren blir ansvarleg for eit område med gode utsiktar i arbeidsmarknaden.
– Dei økonomiske utsiktene for Vestland i 2019 er gode. Veksten i global og norsk økonomi trekk i positiv retning, samstundes som det er forventa store investeringar i oljesektoren, seier Bogsnes.
Oljeinvesteringar vil føre til auka sysselsetjing
I bedriftsundersøkinga våren 2018 var verksemdene knytt til oljeindustrien svært optimistiske. Auka investeringar i oljeindustrien var ei hovudårsak til dette. Det er venta at investeringane i hovudsak vil føre til auka sysselsetjing innan industri og tenesteyting.
– Vi forventar at utbyggingsprosjekta innan oljeindustrien vil påverke sjølve oljeutvinninga og røyrtransporten i liten grad, og vi trur derfor at sysselsetjing i 2019 vil holde seg relativt stabil, med en liten nedgang på 1,6 prosent, seier Bogsnes.
Det er venta større vekst i sysselsetjinga i Bergensområdet, og mindre i Sogn og Voss og Hardanger.
– Det er òg til dels eit stabilt trekk at dei urbane og oljepåverka områda rundt Bergen står for mykje av svingingane i sysselsetjinga i Vestland, mens dei meir tynt folka indre strøka har meir stabilitet over tid, seier Bogsnes.
Mangel på sjukepleiarar
Samanlikna med fjoråret, har mangelen etter arbeidskraft auka i Hordaland, medan den har blitt redusert i Sogn og Fjordane.
I Vestland har mangelen på sjukepleiarar auka det siste året, og er den yrkesgruppa kor verksemdene meldar om størst mangel på arbeidskraft. Yrka som har hatt størst auke i mangelen på arbeidskraft det siste året, er programvareutviklarar og systemanalytikarar/-arkitektar. Det er venta at mangelen på arbeidskraft i desse yrkesgruppene vil halde fram med å auke dei komande åra.
Elles forventar NAV god etterspurnad frå næringslivet etter nye arbeidstakarar, og særleg i samband med turisme, tenesteyting og helsetenester. – Vi ventar òg ein relativt høg befolkningsvekst og auka yrkesdeltaking, seier Bogsnes.
For kommentar til meldinga, kontakt:
• Anne Kverneland Bogsnes, fylkesdirektør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
• Birgitte B. Lygre, kommunikasjons- og analyserådgivar, mobil 90507096