Publisert 27. september 2019|Oppdatert 27. september 2019
I september var arbeidsløysa i Vestland til saman på 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på om lag 990 personar i høve til september i fjor.
Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 92 personar i september, samanlikna med august.
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.
I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen, på over 1000 personar i høve til i fjor, er størst i landet. Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,4 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.
Mange ledige, men også mange utlyste stillingar
Denne månaden som førre er det berre blant dei aller yngste at arbeidsløysa aukar. Innan denne aldersgruppa kjem dei fleste ledige frå butikk- og salsarbeid og service. Dette er yrkesgrupper med mange ledige, men også mange utlyste stillingar.
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes meiner tilhøva i arbeidsmarknaden ligg godt til rette for at unge, ufaglærte kan kome i arbeid.
– Når arbeidsløysa er så låg som den er no, håpar vi det bidrar til at mange av dei som tidlegare har hatt vanskar med å få jobb, blir gitt ein sjanse. Når det gjeld dei aller yngste vil vi særskilt oppmode dei til å ta utdanning, då dette vil auke sjansane for arbeid mykje, seier Bogsnes.
Det er flest ledige innan butikk- og salsarbeid (830), industriarbeid (746) og serviceyrke og anna arbeid (714), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (107), jordbruk, skogbruk og fiske (134) og blant leiarar (195).
Mange kommunar med svært låg arbeidsløyse
Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden i Fjell
(-121 personar), på Askøy (-69 personar) og i Kvinnherad (-50 personar). I Bergen kommune er det no 3711 ledige, som er 541 færre enn i fjor.
I september er det høgst arbeidsløyse i Sund (3,1 %), Øygarden (3,0 %) og Selje (2,9 %), medan fire av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.
Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,2 prosent i september.
Nøkkeltal for Vestland
Spetember 2019 | Endring frå september 2018 | |
Heilt ledige | 7024 | -994 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,1 % | -12 % |
Langtids arbeidssøkarar | 3215 | - 23% |
Ledig ungdom under 30 år | 2174 | - 5 % |
Tilgang på ledige stillingar | 3476 | 6 % |
I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, assisterande direktør i NAV Vestland, mobil 482 47 318
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96