Publisert 16. september 2020|Oppdatert 17. september 2020
NAV sine brukarundersøkingar for 2020 er prega av koronasituasjonen. To av tre personbrukarar i Vestland er nøgde med NAV, og det er ein markant nedgang frå i fjor.
Arbeidsgivarane si tilfredsheit er på same nivå som i fjor, med unntak av dei som er ramma av pandemien.
NAV gjennomfører årlege undersøkingar blant personbrukarar og arbeidsgivarar. I år blei undersøkingane gjennomført i perioden mai til juni, og er difor prega av koronasituasjonen.
Over 2000 brukarar i Vestland har svart på personbrukarundersøkinga. Det er over dobbelt så mange som svarte på tilsvarande undersøking i 2019.
Brukarundersøkingane syner at både tilfredsheit og tillit blant dei som ikkje er ramma av koronasituasjonen, er på omtrent same nivå som tidlegare.
Misnøye med sakshandsamingstid på dagpengesøknadar
Totalt er nedgangen i tilfredsheit markant for personbrukarar: Delen som er nøgde med NAV har gått ned frå 80 prosent i fjor til 65 prosent i år. Blant arbeidssøkere og permitterte seier 56 prosent at de er nøgde med NAV. Nedgangen har direkte samanheng med auka ventetid på dagpengar.
– Det er ikkje overraskande at arbeidssøkarar og permitterte er mindre nøgde med NAV enn tidlegare. Mange har vore, og er, i ein vanskeleg situasjon anten ved at dei har mista jobben eller blitt permitterte. Mange har venta lenge på sakshandsminga frå NAV, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Arbeidsgivarane si tilfredsheit er også prega av koronasituasjonen
Blant verksemdene er tilfredsheita totalt sett på nivå med fjoråret på 77 prosent, men arbeidsgivarar som er direkte ramma av koronasituasjonen er mindre nøgde med NAV.
Arbeidsgivarane er i mindre grad nøgde med NAV sin bistand i samband med permittering og nedbemanning, medan dei i stor grad er nøgde med NAV sine digitale løysingar.
Bogsnes seier NAV har mobilisert for å etablere eit endå tettare forhald til arbeidsgivarar i korona-perioden.
– Ei av våre aller viktigaste oppgåver er å bidra til at flest mogeleg kjem i jobb eller utdanning. Det er behov for arbeidskraft i fleire bransjar. Vi har samarbeida godt med mange arbeidsgivarar i denne perioden, og står klar til å hjelpe endå fleire, seier Bogsnes.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096