Publisert 2. desember 2020|Oppdatert 2. desember 2020
I tredje kvartal 2020 var det legemeldte sjukefråværet i Vestland på 4,6 prosent. Det er en auke på 0,4 prosentpoeng samanlikna med same periode i fjor.
Sjukefråværet for juli, august og september gjekk opp til 4,6 prosent etter å ha lege stabilt på 4,2 prosent dei tre siste åra. Dette viser tal som NAV har fått inn frå legane.
Pålagd karantene gjev sjukemelding
Det er særleg sjukemeldingar på grunn av luftvegslidingar som aukar, med 40.000 fleire tapte dagsverk enn i same periode i fjor. Totalt sett er likevel muskel- og skjelettlidingar den gruppa som fører til klart mest sjukefråvær. Det er ingen auke i talet på sjukemeldingar som skuldast psykiske lidingar.
– Vi var spente på desse tala, som gjeld for perioden mellom den første og den andre smittebølgja. Auken i sjukemeldingar viser at vi står i ein alvorleg situasjon. Det er grunn til å frykte ein auke i fjerde kvartal, ikkje minst fordi mange vert sjukemelde når dei må i karantene, seier direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Fakta om sjukefråværet i Vestland
- Næringar: Høgast fråvær i helse, transport og tenesteyting
- Alder: Høgast fråvær i gruppa 60–64 år (6,1 prosent), og lågast i dei yngste aldersgruppen
- Kommunar: Høgast fråvær i Eidfjord (6,5 prosent), Gulen (6,0 prosent) og Modalen (5,9 prosent)
- Lågast fråvær i Aurland (2,5 prosent), Fedje (3,2 prosent) og Ulvik (3,2 prosent)
- Sjukefråværet i Vestland er litt høgare enn snittet for heile landet (4,5 prosent)
Tal for alle kommunane i fylket finst under relatert innhald eller via visualisering i Tableau.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Ingunn Halvorsen, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 970 89 209