Publisert 5. mai 2020|Oppdatert 6. mai 2020
Talet på heilt ledige personar i Vestland er redusert med 5147 siste 14 dagar frå 33418 til 28271.
– Dette er ein større nedgang enn vi hadde venta, men desto meir gledeleg, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Talet på heilt ledige i Vestland fylke utgjer no 8,4 prosent.
Talet på delvis ledige aukar
Talet på heilt ledige fell innan alle yrkesgrupper og mest innan butikk- og salsarbeid (-1116), ulike serviceyrke (-1027) og reiseliv og transport (-672). I prosent er det størst reduksjon innan helse, pleie og omsorg med 482 færre ledige.
– Det er liten tvil om at letten på smittevernrestriksjonane har ført til at yrkesgrupper som frisør, tannlege og andre innan personleg pleie har starta raskt opp igjen, seier Bogsnes.
Samstundes er talet på delvis arbeidsledige som venta auka med 2919 personar.
– Dette kan sjå negativt ut, men det betyr at mange som var heilt utan arbeid no melder til oss at dei jobbar i reduserte stillingar og det er bra, seier Bogsnes.
Flest ledige blant dei unge
Det er særleg auke innan barne- og ungdomsarbeid, reiseliv og transport og ulike serviceyrke, som er naturleg med aukane aktivitet i samfunnet vårt no.
Alle aldersgrupper får del i nedgangen, men det er framleis dei under 30 år som har størst del ledige.
– Likevel er det kjekt å sjå at det no er 1657 færre unge ledige, avsluttar Bogsnes.
Klikk her for visualisering av tala.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96