Publisert 2. januar 2020|Oppdatert 31. januar 2020
I desember var arbeidsløysa i Vestland til saman på 2,0 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på nesten 1300 personar i høve til desember i fjor.
Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 81 personar i desember, samanlikna med november.
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.
I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Nedgangen, på rundt 1 200 personar i høve til i fjor, er størst i landet. Sogn og Fjordane har framleis lågast arbeidsløyse i landet med 1,4 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.
I 2019 samla gjekk ledigheita i Vestland ned med 990 personar, som er ei reduksjon på 12 %.
Mange står utanfor arbeidslivet
NAV Vestland si omverdsanalyse syner at lågare fødselstal og lågare innvandring gjer at befolkninga aukar mindre enn tidlegare.
– Vi er i stor grad avhengig av innvandring, både flyktningar og arbeidsinnvandrarar, for å halde oppe folketalet. Det er ei positiv utvikling i næringslivet, men mangel på arbeidskraft, seier fungerande direktør i NAV Vestland, Bjarte Hysing-Olsen.
Han meiner det bør vere ei god anledning til å fokusere på inkludering i arbeidslivet.
– Vi har ei stor gruppe menneske som står utanfor arbeidslivet, og ønskjer å kome inn. Når det samstundes er mangel på arbeidskraft, må både bedrifter og vi i NAV finne betre løysingar som kan bidra til at desse kjem seg inn i arbeidslivet. NAV har mange verkemiddel som kan vere til hjelp for å kvalifisere kandidatar og legge til rette for inkludering i arbeidslivet, seier Hysing-Olsen.
Mange kommunar med svært låg arbeidsløyse
I desember er det flest ledige innan bygg og anlegg (788), butikk- og salsarbeid (760),) og serviceyrke og anna arbeid (729), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (102) og jordbruk, skogbruk og fiske (132).
Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden på Askøy (-99 personar) i Fjell (-88 personar), og i Kvinnherad (-41 personar). I Bergen kommune er det no 3 543 ledige, som er 752 færre enn i fjor.
I desember er det høgast arbeidsløyse i Modalen (3,9 %), Øygarden (3,1 %) og Ulvik (2,8 %), medan åtte av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.
Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,2 % prosent i desember.
Nøkkeltal for NAV Vestland
| Desember 2019 | Endring frå desember 2018 |
Heilt ledige | 6787 | -1298 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,0 % | -16 % |
Langtids arbeidssøkarar | 3007 | - 20% |
Ledig ungdom under 25 år | 1002 | - 15 % |
Tilgang på ledige stillingar | 2721 | -8 % |
I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala er justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Bjarte Hysing-Olsen, fungerande direktør i NAV Vestland, mobil 482 47 318
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96