Publisert 2. mars 2020|Oppdatert 2. mars 2020
I Vestland var arbeidsløysa ved utgangen av februar på 2,2 prosent eller 7324 personar. Det er ein nedgang på 13 prosent frå same månad i fjor og utgjer -1098 personar.
Som elles på Vestlandet held den positive utviklinga fram. Møre- og Romsdal kan notere -12 prosent og Rogaland -9 prosent.
Den sesongjusterte arbeidsløysa er uendra, samanlikna med same månad i fjor. I Vestland er arbeidsløysa no på 2,2 prosent av arbeidsstyrken og Norge har 2,3 prosent.
– Nedgangen på 1098 personar i høve til i fjor, er størst i bruttotal mellom fylka i landet. Faktisk bidreg Vestland med nesten 40 prosent av reduksjonen på landsnivå, fortel Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Det er reduksjon i bruttoarbeidsløysa i alle regionar, men nedgangen er sterkast i Nordfjord (-31%), Vest (Øygarden og Askøy, -15%) og Sunnhordland (-13%). Sogn og Voss har liten reduksjon, men frå svært låge nivå. Det er nedgang i 29 kommunar og til dels sterk nedgang i mange kommunar.
– Dette er eit resultat av gode tider både i privat og offentleg sektor med sterk etterspurnad etter arbeidskraft. Baksida av medaljen er at mange jobbar ikkje let seg fylle fordi det er stor mangel på arbeidstakarar med etterspurd kompetanse, seier Bogsnes.
Stillingstilgangen så langt i år er ganske lik med dei same to månader i fjor. Det er litt større spreiing fordelt på yrkesgrupper i år. Det er mindre utlysingar innan industri, ingeniør og serviceyrke, mens det er fleire innan bygg, helse- og barnearbeid.
Dei største stillingskategoriane er: helsefagarbeidarar (458 stillingar,) sjukepleiarar (421 stillingar), butikkmedarbeidarar (321 stillingar) og barnehage- og fritidsskuleassistentar (220 stillingar).
Nøkkeltal for NAV Vestland
Februar 2020 | Endring frå februar 2019 | |
Heilt ledige | 7324 | -1098 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,2 % | -13 % |
Langtids arbeidssøkarar | 3116 | - 15% |
Ledig ungdom under 25 år | 1111 | - 16 % |
Tilgang på ledige stillingar | 4946 | -4 % |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704