Arbeidsløysa i Vestland går ned i takt med gjenopninga
Ved utgangen av juni var 9 228 personar i Vestland heilt arbeidsledige, ein nedgang på 700 personar sidan mai. Talet på permitterte arbeidstakarar gjekk ned med over 1 500 personar, viser ferske tal frå NAV.
Arbeidsløysa i Vestland er no på 2,7 prosent og ligg dermed under landsgjennomsnittet på 2,9 prosent.
– Den positive utviklinga vi har sett utover våren, held fram. Arbeidsløysa har gått jamt nedover gjennom heile juni. Med stadig fleire vaksinerte og låge smittetal ventar vi ikkje nokon ny stor smell i arbeidsmarknaden no, seier direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland.
Bergen har flest ledige
Bergen kommune har den høgaste arbeidsløysa i fylket med 5 276 heilt ledige, som utgjer 3,4 prosent av arbeidsstyrken. Like bak følgjer Øygarden med 3,2 prosent og Høyanger med 3,0 prosent.
Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Fjaler (0,9 prosent), Askvoll (0,7 prosent) og Fedje, som ikkje har registrerte arbeidsledige denne månaden. Nesten to av tre kommunar har ei arbeidsløyse på 2 prosent eller lågare.
Tilbake på 2017-nivå
Gruppa av permitterte arbeidstakarar skil seg ut med ein nedgang på heile 1 570 frå mai til juni. No er 5 019 vestlendingar permitterte, og dei fleste av dei berre delvis. Talet er det lågaste sidan mars i fjor, men ligg framleis over det som var normalen før korona.
– Det er gledeleg for både arbeidstakarar, bedrifter og heile samfunnet at stadig fleire er tilbake i jobb. Totalt er arbeidsløysa i fylket no på nivå med juni 2017, då oljekrisa var på retur, seier Bogsnes.
Ho peikar på at det også er mange ledige jobbar i fylket. I juni blei det annonsert over 6 800 ledige stillingar i Vestland. Bygg og anlegg toppar lista med 1 100 stillingar, men også reiselivet treng fleire tilsette.
Reiselivet treng folk
– Det er ein tankevekkjar når hotell og andre turistverksemder i distrikta signaliserer at dei ikkje har nok folk til å halde full drift. Vi forventar at arbeidssøkjarar er opne for å jobbe utanfor sin eigen kommune dersom dei har den kompetansen som trengst, seier Bogsnes. På landsbasis er det over 2 500 ledige jobbar i reiselivet.
I Vestland har reiseliv og transport flest ledige med 1 381 personar. Deretter følgjer serviceyrke (1 081), butikk- og salsarbeid (1 018) og industri (936). Det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (120) og akademiske yrke (136).