Publisert 28. mai 2021
Talet på heilt ledige i Vestland har gått ned med om lag 1 600 personar frå april til mai. Denne månaden er 9 925 personar heilt ledige i fylket. Det svarar til 2,9 prosent av arbeidsstyrken.
Arbeidsløysa i Vestland ligg dermed under landsgjennomsnittet på 3,3 prosent. Over halvparten av kommunane har 2,0 prosent eller lågare arbeidsløyse.
• Nedgangen er størst blant dei heilt ledige.
• Det er liten nedgang blant dei delvis ledige, og nedgangen er størst innan butikk- og salsarbeid.
• Talet på permitterte har falt kraftig.
I Bergen kommune er 5 645 personar heilt ledige, noko som svarar til 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Dimed er Bergen den kommunen i fylket med høgast arbeidsløyse.
Framleis mange arbeidssøkarar
Direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV Vestland er glad for at utviklinga går i riktig
retning, men er bekymra for fleire ting.
– Vi har framleis veldig mange arbeidssøkarar om vi teller med dei som er delvis ledige og dei som er på tiltak. I tillegg ser vi at over 4 000 personar har vore ledige i over eitt år. Eg er veldig uroa over konsekvensane det har for denne gruppa, seier Bogsnes.
Bogsnes peikar på at det er ledige jobbar i ei rekkje bransjar. I bygg og anlegg er det til dømes over 900 ledige stillingar, samstundes som over 900 personar er ledige innan same bransje.
– Det kunne vore interessant å vite kva som er årsaka til det. Det finst ledige stillingar, men dei nær 1000 ledige innan same bransje har kan hende ikkje dei riktige kvalifikasjonane, seier Bogsnes.
Mange kommunar med låg arbeidsløyse
Reiseliv og transport har flest ledige med 1 733 personar. Deretter følgjer serviceyrke (1 176), butikk- og salsarbeid (1 091) og industri (1 036). I Vestland er det færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (120) og akademiske yrke (147).
Det er høgast arbeidsløyse i kommunane Bergen (3,6 prosent), Aurland (3,5 prosent) og Øygarden (3,4 prosent). Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Solund (0,9 prosent), Fjaler, Sunnfjord (begge 1,0 prosent) og Vik (1,1 prosent).
På statistikksida vår finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Nøkkeltal for NAV Vestland (berre heilt ledige)
| Mai 2021 | Endring frå april 2021 |
Heilt ledige | 9 925 | - 1 601 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,9 % | -0,5 % |
Langtidsledige | 6 339 | -400 |
Ledig ungdom under 25 år | 1 224 | -241 |
Tilgang på ledige stillingar | 6 405 | Grunna endringar i datakjelde har vi førebels ikkje samanliknbare tal for stillingar. |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96