Publisert 30. juli 2021|Oppdatert 30. juli 2021
Ved utgangen av juli var 9 894 personar i Vestland heilt arbeidsledige, ein auke på over 650 personar sidan juni. Talet på permitterte arbeidstakarar gjekk ned med over 800 personar, viser ferske tal frå NAV.
Arbeidsløysa i Vestland er no på 2,9 prosent og ligg dermed under landsgjennomsnittet på 3,1 prosent.
– Den positive utviklinga vi har sett utover våren, stoggar litt i juli. Men det er ikkje overraskande ettersom arbeidsløysa vanlegvis aukar litt frå juni til juli. . Lågare aktivitet i ferietida er grunnen til det, seier avdelingsdirektør Knut Steinar Eitungjerde i NAV Vestland.
Trur på betring i haust
Det er ingen grunn til å tru at ikkje arbeidsløysa sakte, men sikkert vil gå ned etter ferien, skal vi tru Eitungjerde.
– Vi er framleis ganske sikre på at forholda i arbeidsmarknaden vil bli betre og betre utover hausten, etter kvart som stadig fleire blir vaksinerte og gjenopninga held fram, seier Eitungjerde.
Bergen har flest ledige
Bergen kommune har den høgaste arbeidsløysa i fylket med 5 584 heilt ledige, som utgjer 3,6 prosent av arbeidsstyrken. Like bak følgjer Øygarden med 3,5 prosent og Hyllestad med 3,4 prosent.
Den lågaste arbeidsløysa i fylket finn vi i Aurland, Vik, Eidfjord og Fedje, som alle har under 1 prosent registrerte arbeidsledige denne månaden.
– Reiselivskommunane Aurland og Eidfjord har lenge vore blant kommunane med høgast arbeidsløyse, men denne månaden er dei blant dei med lågast arbeidsløyse. I kommunar med mange arbeidsplassar innan reiselivet, er det ei naturleg utvikling i ferietida. Det blir spanande å sjå korleis dette utviklar seg når ferien er over, seier Eitungjerde.
Reiseliv og transport har flest ledige med 1 372 personar. Deretter følgjer serviceyrke (1 211), industri (1 056) og butikk- og salsarbeid (1 045). I Vestland er det færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (120) og akademiske yrke (137).
På statistikksida vår finn du tal for alle kommunane i Vestland.
Nøkkeltal for NAV Vestland (berre heilt ledige)
| Juli 2021 | Endring frå juni 2021 |
Heilt ledige | 9 894 | + 7 % |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,9% | + 7 % |
Langtidsledige | 6 642 | + 15 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1 112 | - 7 % |
Tilgang på ledige stillingar | 5 549 | Grunna endringar i datakjelde har vi førebels ikkje samanliknbare tal for stillingar. |
For kommentar til meldinga, kontakt:
Knut Steinar Eitungjerde, avdelingsdirektør i NAV Vestland, mobil 41 62 50 04
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96