Publisert 30. august 2019
I august var arbeidsløysa i Hordaland og Sogn og Fjordane til saman på 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Det er ein nedgang på om lag 950 personar i høve til august i fjor.
Den sesongjusterte arbeidsløysa gjekk ned med 87 personar i august, samanlikna med juli.
NAV Hordaland og NAV Sogn og Fjordane slo seg saman til NAV Vestland frå nyttår, og har sidan gitt ut felles pressemelding om arbeidsmarknaden i dei to fylka.
I Hordaland er arbeidsløysa no på 2,4 prosent av arbeidsstyrken - ein nedgang på 966 personar i høve til i fjor, medan Sogn og Fjordane framleis har lågast arbeidsløyse i landet med 1,5 prosent. Tala som følgjer er tal for begge fylka samla.
Auke på tre skuleklasser
Direktør i NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes merkar seg at aldersgruppa 19 år og under er den einaste aldersgruppa der arbeidsløysa aukar.
– Auken svarar til tre skuleklassar. Det uroar meg at dei aller yngste ikkje er i aktivitet. Dette er ei gruppe vi prioriterer, og som vi vil følgje nøye med på om det er ei utvikling som held fram. Dersom auken kjem av at offentlege etatar samarbeider betre for å fange opp dei som verken er i jobb, skule eller annan aktivitet, er ikkje utviklinga berre negativ. Unge som ønskjer å vera i arbeid bør søke NAV si hjelp, men vi ser dessverre at mange vel å la vera, seier Bogsnes.
Det er flest ledige innan industriarbeid (858), butikk- og salsarbeid (854) og serviceyrke og anna arbeid (762), medan det er færrast ledige innan akademiske yrke (108), jordbruk, skogbruk og fiske (135) og blant leiarar (192).
Størst nedgang i Fjell
Størst nedgang i arbeidsløysa utanfor Bergen finn vi denne månaden i Fjell (-79 personar), på Askøy (-64 personar) og i Sund (-47 personar). I Bergen kommune er det no 3906 ledige, som er 563 færre enn i fjor.
I august er det høgst arbeidsløyse i Selje (4,4 %), Modalen (3,9 %) og Vågsøy (3,5 %), medan ni av dei 59 kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane har mindre enn 1 prosent ledige.
Arbeidsløysa i heile Norge samla, er 2,3 prosent i august.
Nøkkeltal for Vestland
August 2019 | Endring frå august 2018 | |
Heilt ledige | 7463 | -943 |
I prosent av arbeidsstyrken | 2,2 % | -11 % |
Langtids arbeidssøkarar | 3613 | -19 % |
Ledig ungdom under 25 år | 1185 | -9 % |
Tilgang på ledige stillingar | 3241 | 2 % |
I november 2018 opna NAV ein ny registreringsløysing for alle som registrerer seg som arbeidssøkarar på nav.no. Den nye løysinga gjer det både enklare og raskare å registrere seg som arbeidssøkar, og inneber mellom anna at arbeidssøkarane kjem raskare inn i statistikken. Endringa fører til eit brot i statistikken slik at tala ikkje kan samanliknast med tidlegare periodar. Dei sesongjusterte tala justerte og kan difor samanliknast med tidlegare periodar.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland, mobil 905 21 059
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96