Publisert 17. mars 2020
Tysdag 17. mars var 18.400 personer registrert som heilt ledige i Vestland, ifølgje førebelse tal frå NAV. Det utgjer 5,5 prosent av arbeidsstyrken.
Summen av heilt ledige og arbeidssøkjarar på tiltak var på 20.000 personer, eller 6,0 prosent av arbeidsstyrken.
– Norsk økonomi og den norske arbeidsmarknaden er inne i ei svært krevjande tid, og dette fører allereie til eit høgt tal permitteringar og dermed sterkt aukande arbeidsløyse. Slik situasjonen er, ventar vi at denne utviklinga vil halde fram, seier direktør for NAV Vestland, Anne Kverneland Bogsnes.
Samanlikna med tysdag i førre veke, har 11.000 fleire blitt registrert som heilt arbeidsledige, ein auke på 152 prosent. Hovudårsaka til auken er fleire permitterte. Statistikken over nye dagpengesøknader viser at det berre i løpet gårsdagen, måndag 16. mars, kom inn om lag 3.000 søknader om dagpengar ved permittering.
For å få dagpengar må ein først registrere seg ledig og så sende og få innvilga søknad om dagpengar. Det kan vere behov for å samle dokumentasjon o.l., slik at auken i nye dagpengesøknader ofte vil kome med noko etterslep på auken i ledigheit. Det er difor grunn til å vente at talet på dagpengesøknader vil halde seg svært høgt i dagane som kjem.
Størst auke i Aurland
Ledigheita aukar i heile Vestland, men auken den siste veka har vore størst i Aurland (407 %), Stryn (280%) og Voss (265 %). Auken har vore minst i dei minste kommunane, som Fedje og Modalen. Bergen har no 10.214 heilt ledige. Dette er meir enn heile Vestland fylke har hatt den siste tida.
Størst auke for kvinner
Ledigheita aukar mest for kvinner. Den siste veka har talet heilt ledige kvinner auka med 6.000, eller 200 prosent. For menn har ledigheita auka med 5.000 personer, ein auke på 118 prosent. Ledigheita er no på 5,7 prosent for kvinner og 5,2 prosent for menn.
Denne utviklinga heng saman med kva yrkesgrupper som blir råka. Den siste veka har auken vore stor mellom anna innan reiseliv, serviceyrke og butikkarbeid. Dette er næringar der det jobbar mange kvinner.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Fakta
NAV publiserer på grunn av situasjonen med koronavirus statistikk kvar veke om arbeidsmarknaden denne og neste veke (veke 12 og uke 13). Statistikken inneheld førebelse hovudtal om arbeidsmarknaden. Tala er ikkje sesongjusterte, men viser kor mange som er registrert som ledige tysdag morgon kvar veke. Fredag 3. april (veke 14) kjem vanleg månadsrapportering om arbeidsmarknaden i høve til publiseringskalenderen.