Publisert 24. mars 2020|Oppdatert 9. desember 2021
På to veker har arbeidsløysa i Vestland auka frå 7.285 til 33.738 ledige. Arbeidsløysa i fylket er no på 10 prosent av arbeidsstyrken.
Korona-pandemien rammar næringslivet hardt i heile landet. I Noreg er 10,4 prosent ledige, samanlikna med 2,2 prosent ved utgangen av februar. Talet på permitterte inngår i arbeidsløysetala.
– Kontrasten frå to veker sidan, då arbeidsløysa var på 2,2 % i Vestland, og marknaden gjekk svært godt, er enorm. Alle bransjar blir råka. Samfunnet er stengt ned, og det får konsekvensar over alt, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør NAV Vestland.
Har oppretta fleire innsatsteam
– Partane i arbeidslivet er naturleg nok bekymra. Vi har god kontakt med alle aktørar for å finne ut korleis vi kan hjelpe dei på best mogeleg måte. NAV Vestland har oppretta fleire innsatsteam som skal hjelpe arbeidsgivarane både med permitteringar, og med å finne arbeidskraft til kritiske samfunnsfunksjonar, seier Bogsnes.
Det er i aldersgruppa 30-39 at det er flest ledige (8.630) medan det er færrast ledige blant dei som er 19 år eller yngre (1.327).
Det er flest ledige innan butikk -og salsarbeid (5.906), reiseliv og transport (5.402) og serviceyrke (4.024), medan det er færrast ledige innan jordbruk, skogbruk og fiske (184), akademiske yrke (344) og undervisning (736).
NAV Vestland publiserer statistikk dagleg
I Vestland er det høgst ledigheit i Aurland (19,2 %), på Voss (13 %) og i Stryn (12,5 %) medan det er lågast ledigheit i Fjaler (4,5 %), på Tysnes og i Vik (begge 4,8 %).
Sidan starten av veke 11 har NAV Vestland motteke 28.276 søknader om dagpengar. 26.063 av desse gjeld søknad om dagpengar under permittering. Det er nedgang i talet på søknader frå førre veke.
Statistikk om utviklinga i søknader om dagpenger blir publisert dagleg. Det same blir tal på sjukmeldingar for personar med covid19-diagnose. Tal på arbeidsløysa blir publisert kvar veke. Neste publisering er fredag 3. april.
Oppdatert informasjon knytt til lov, regelverk for ulike ytingar på nettsidene til NAV finn du her.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 905 21 059
Frode Henden, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 918 35 704
Birgitte B. Lygre, kommunikasjonsrådgjevar, mobil 905 07 096