Publisert 30. september 2022|Oppdatert 30. september 2022
I september var 5 055 personar eller 1,5 prosent av arbeidsstyrken registrert som heilt ledige i Vestland. Berre to kommunar i fylket har meir enn to prosent ledige.
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, seier arbeidsløysa i Vestland no er så låg at ein må ta i bruk fleire verkemiddel for å dekke behovet for arbeidskraft.
– Vi snakkar stadig om inkludering av dei som står utanfor arbeidslivet, men eg vil også slå eit slag for dei som allereie er i jobb. Viss arbeidsgivarar legg betre til rette for at fleire kan jobbe lenger, kan vi dekke store deler av behovet for arbeidskraft, seier Bogsnes.
Mange når snart pensjonsalder
Innan fem år kjem 35 000 arbeidstakarar til å passere det som er gjennomsnittleg pensjonsalder i næringa dei jobbar i.
– Arbeidsgivarar som er flinke til å førebyggje og leggje til rette kan behalde arbeidskrafta lenger. Det gjeld til dømes tilsette som er sjukmeldte og står i fare for å falle ut av arbeidslivet, og dei som vurderer å gå av med pensjon, legg ho til.
NAV ventar at arbeidsløysa vil auke litt gjennom hausten, men førebels er det lite som tydar på at marknaden er i ferd med å snu. Det er framleis få permitteringar og oppseiingar, sjølv om det har vore ein liten auke dei to seinaste vekene.
Flest ledige stillingar innan helse
Talet på ledige jobbar ligg framleis høgt, med over 4 700 utlyste stillingar i september. Det er flest ledige stillingar i helse, pleie og omsorg (1218), bygg og anlegg (494) og butikk- og salsarbeid (424).
I Vestland er det høgast arbeidsløyse i Hyllestad (3,0 %) og Ulvik (2,4 %). 17 av dei 43 kommunane i fylket har 1 prosent arbeidsløyse eller mindre.
Arbeidsløysa i heile Noreg ligg totalt på 1,6 prosent.
Arbeidsmarknaden i Vestland, september 2022
| September 2022 | September 2021 |
Heilt ledige, Vestland | 5 055 1,5 % av arbeidsstyrken | 7 717 2,3 % av arbeidsstyrken |
Heilt ledige, Bergen | 2 760 1,8 % av arbeidsstyrken | 4 338 2,8 % av arbeidsstyrken |
Langtidsledige, meir enn seks månader | 2 399 | 4 917 |
Ledige under 30 år | 1 475 | 2 099 |
Permitterte, heilt eller delvis | 315 | 2 913 |
Ledige stillingar | 4 749 | 5 011 |
Her finn du tal for alle kommunane i Vestland.
For kommentar til meldinga, kontakt:
Anne Kverneland Bogsnes, direktør i NAV Vestland, mobil 90 52 10 59
Birgitte B. Lygre, senior kommunikasjonsrådgjevar, mobil 90 50 70 96