Publisert 1. juni 2021|Oppdatert 1. juni 2021
NAV-prosjektet #syktbrajobb viser lovande teikn til å hjelpe unge uføre ut i vanleg arbeid. Utfordringa er å finne deltakarar, viser ein fersk forskingsrapport.
Forskarar frå Oxford Research og NORCE har kartlagt og evaluert prosjektet #syktbrajobb, som NAV starta i Bergen i 2019. I dag er #syktbrajobb eit tilbod til uføre under 35 år i Bergen, Askøy og Øygarden. Deltakarane får støtte frå ein jobbspesialist til å prøve seg i det ordinære arbeidslivet. Kvar jobbspesialist har inntil 20 deltakarar som dei følgjer opp etter modellen Individuell jobbstøtte (IPS).
Framtidshåp og meistring
– Vi konkluderer med at prosjektet verkar slik det var meint, ved å gi deltakarane framtidshåp, meistring og viktig erfaring med arbeidslivet. Dei opplevde positive endringar i både medvit, haldningar og åtferd i den perioden dei var med i prosjektet, seier forskar Kristian Rostoft Boysen i Oxford Research.
Tidlegare forsking har vist at Individuell jobbstøtte (IPS) aukar sjansen for at deltakarane får jobb og blir verande i jobben. Metoden tek utgangspunkt i enkeltmennesket, og målet er å finne den best eigna jobben som samsvarer med pasienten sine ønske. Forskarane fann at #syktbrajobb oppfyller krava til eit IPS-tiltak, sjølv om det skil seg noko frå tradisjonell IPS.
Plass til fleire
– Det er viktig og spennande å bli forska på. Ut frå desse funna verkar det riktig å halde fram med IPS-metoden i arbeidet vårt, seier prosjektleiar Idun Helene Høydalsvik i NAV. Ho er oppteken av at dei varig uføretrygda og ressursane deira blir meir synlege i samfunnet.
Ei av hovudutfordringane til #syktbrajobb har vore å få tak i deltakarar. Av omsyn til personvern kan ikkje prosjektet søkje opp unge uføre i NAV sine register, men må ut og reklamere for tilbodet. Forskarane fann ut at berre litt over 2 prosent av målgruppa så langt har vore med i prosjektet.
– Det er viktig at både helsepersonell og rettleiarane på NAV-kontora kjenner til oss og snakkar om tilbodet til unge som har eller skal få innvilga uføretrygd. Vi har også marknadsført oss via Bergen kommune og i media. Nyleg opna vi konto på Instagram, fortel Høydalsvik.
For tida er 49 deltakarar med i #syktbrajobb, og 13 av dei er i arbeid. Prosjektleiaren er open for at dei kan utvide brukargruppa til 40-45 år for å fange opp fleire uføretrygda som ønskjer å jobbe.
Forskinga på #syktbrajobb er finansiert av FoU-midlar frå NAV.
For media: Pressekontaktar i NAV Vestland.