Slik vil NAV region Bergen skape ei trygg plattform der arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar kan møtast. Jobbmessene blir i denne omgang tatt i bruk for å knytte kontakt mellom arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar, for å skape ein meir inkluderande arbeidsmarknad.  

På jobbmesse.no kan du:

  • Finne stillingar innafor ulike bransjar, som til dømes sal og service, produksjon, bygg og anlegg, transport og helse. Du lastar opp CV og legg igjen nokre ord om kvifor du er rett kandidat til stillinga, så vi kan presentere deg for arbeidsgjevar.  
  • Delta på jobbmessar som kjem utover hausten.  
  • Stille NAV spørsmål om spesifikke stillingar og arbeidsmarknaden generelt under jobbmessene.  

Vi håper du opprettar ein brukarprofil, laster opp CV, melder deg på messa og dermed aukar dine sjansar på arbeidsmarknaden.

25. november: inkluderingsmesse IKT

Dette er ei inkluderinsmesse for IKT-bransjen. Messa vil starte med  velkomstwebinar, etterfølgja av eit intervju med Bergen Næringsråd om bransjen. Det vil vere i alt seks stands. Her vil det stå fem arbeidsgjevarar på kvar sin stand, og NAV vil vere tilgjengeleg for spørsmål på den siste standplassen. Arbeidsgjevarane som deltar på inkluderingsmessa er Pilaro, Helse Vest-IKT, Mount Visual, WA Works og itslearning. Arbeidsgjevarane vil under messa være tilgjengeleg for speedintervju via video og for spørsmål i chat. For å melde deg på messa, følg denne linken.

 

07. desember: jobbmesse region Bergen

Ser du etter jobb eller ny kompetanse? Du møter bedrifter fra fleire bransjar i Bergen som har ledige stillingar. Det blir gitt informasjon om ulike kompetansemoglegheiter. Meir informasjon kjem. 

 

Er du ein arbeidsgjevar med behov for arbeidskraft?   Rekrutteringsteamet vil gjerne hjelpe til med å finne gode kandidatar til ledige jobbar. Ta kontakt med Rekrutteringsteamet til NAV region Bergen for å registrere ledige stillingar, telefon; 412 37 247.