Totalt vart det lyst ut 4 847 stillingar i januar.  Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar  var helse, pleie og omsorg (946), ingeniør  og IKT–fag (826) og industriarbeid (539).


– 4 847 utlyste stillingar er eit høgt tal. Dette er 4 prosent høgare enn i januar 2019. Vi veit at mange bedrifter slit med å skaffa kvalifisert arbeidskraft. Dagens arbeidsmarknad gir ei god høve til å sjå på moglegheitene for å inkludera personar som står utanfor arbeidslivet med bistand frå NAV, seier ho.


– Ein betydeleg del personar med nedsett arbeidsevne har eit høgt utdanningsnivå og sit gjerne på kompetanse som bedriftene er på jakt etter, seier Merethe P. Haftorsen.

Arbeidsløyse

Tala under er ikkje sesongjustert*.
Ved utgangen av januar var 6 074 personar heilt utan arbeid i Rogaland, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med januar 2019. 829 arbeidssøkjarar var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak, ein reduksjon på heile 50 prosent samanlikna med same månad i fjor. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 903 personar, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrka. Bruttoarbeidsløysa i Noreg er på 2,9 prosent.


– Vi kan konstatere at bruttoarbeidsløysa i januar held seg på eit lågt nivå . Under oljekrisen for nokre år sidan låg Rogaland høgast av alle fylka i landet, seier Merethe P. Haftorsen.


Kommunevise variasjonar i bruttoarbeidsløysa


I januar hadde Strand høgast bruttoarbeidsløyse med 3,4 prosent. Både Stavanger og Sandnes hadde ein del  på 3,2 prosent. På Haugalandet hadde Haugesund, Karmøy og Tysvær ei bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,7 prosent, 2,4 prosent og 2,2 prosent av arbeidsstyrken. Lågast del arbeidslause av alle kommunane i Rogaland hadde Suldal og Bokn med høvesvis 1,1 prosent,  og 1,4 prosent.

Arbeidsmarknaden i Rogaland. Januar 2020 samanlikna med januar 2019

Nøkkeltal Januar 2019 Januar 2020
Heilt utan arbeid 16 – 67 år 6 669 (2,7%) 6 074 (2,4%)
Arbeidsretta tiltak 1 669 (0,7%) 829 (0,3%)
Bruttoarbeidsløyse** 8 338 (3,4%) 6 903 (2,7%)
Unge heilt utan arbeid 16 – 29 år 1 801 1 737

Langtids-arbeidssøkjarar 
(26 veker eller meir)

3 037 2 521
Delvis ledige 2 668 (1,1%) 2 200 (0,9%)
Utlyste stillingar 4 667 4 847