– Nedgangen i talet på arbeidslause er heilt i tråd med kva vi har forventa, seier Merethe P. Haftorsen, direktør i NAV Rogaland.

– I dei aller fleste kommunane er det ein nedgang i arbeidsløysa det sise året. Til dømes har Eigersund ein nedgang i talet heilt ledige på 31 prosent. Dette er mest av alle kommunane i Rogaland. Samtidig registrerar vi at det er ei høg mengde ledige stillingar i same distrikt, uttaler Haftorsen.

Tala under er ikkje sesongjustert*.

Ved utgangen av februar var 5 793 personar heilt utan arbeid i Rogaland, ein nedgang på 9 prosent samanlikna med februar 2019. 940  arbeidssøkjarar var deltakarar i eit arbeidsretta tiltak, ein reduksjon på 44 prosent samanlikna med same månad i fjor. Summen av heilt arbeidslause og personar i arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse** på 6 733 personar, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrka. Bruttoarbeidsløysa i Noreg er på 2,8 prosent.

Kommunevise variasjonar i bruttoarbeidsløysa

I januar hadde Stavangar, Sandnes, Gjesdal og Strand høgast bruttoarbeidsløyse med 3,1 prosent. På Haugalandet hadde Haugesund, Karmøy og Tysvær ei bruttoarbeidsløyse på høvesvis 2,7 prosent, 2,3 prosent og 2,1 prosent av arbeidsstyrken. Lågast del arbeidslause av alle kommunane i Rogaland hadde Suldal og Sauda med høvesvis 0,9 prosent og 1,3 prosent.

4 142 utlyste stillingar

Totalt vart det lyst ut 4 142 stillingar i februar. Yrkesgruppene med flest utlyste stillingar  var ingeniør  og IKT–fag (681), helse, pleie og omsorg (654) og bygg og anlegg (563).

– I likhet med januar ser vi at der eit høgt tal ledige stillingar i februar. Samanlikna med i fjor blei det utlyst 12 prosent fleire stillingar denne månaden. Med låg arbeidsløyse er det krevjande for arbeidsgivarar å finne kvalifisert arbeidskraft, seier Merethe P. Haftorsen.

Arbeidsmarknaden i Rogaland. Februar 2019 samanlikna med februar 2020

Nøkkeltall

Februar 2019

Februar 2020
Heilt utan arbeid 16 - 67 år 6 386 (2,5 %) 5 793 (2,3 %)
Arbeidsretta tiltak 1 665 (0,7 %) 940 (0,4 %)
Bruttoarbeidsløyse** 8 051 (3,2 %) 6 733 (2,7 %)
Unge heilt utan arbeid 16 - 29 år 1 770 1 607
Langtidsarbeidssøkjarar (26 veker eller meir) 2 928 2 475
Delvis ledige 2 751 (1,1 %) 2 307 (0,9 %)
Utlyste stillingar 3 701 4 142