Ved utgangen av mai er 30 267 personar registrert som arbeidssøkarar I Rogaland. Det er over 1 300 færre enn når NAV sist offentliggjorde arbeidsmarknadstall 19. mai. Av desse er 15 833 personar heilt utan arbeid. Det utgjer 6,2 prosent av arbeidsstyrken, og er ein nedgang på 0,6 prosentpoeng sidan 19. mai. 13 607 personar melder til NAV at dei jobbar litt. Delen delvis utan arbeid held seg stabil på 5,3 prosent av arbeidsstyrken.

– Pilene peikar riktig veg for arbeidsmarknaden i Rogaland no når samfunnet opnar opp. Likevel er det ein stor del som framleis ikkje er tilbake i jobb. Mange verksemder har framleis ein lang veg å gå før dei nærmar seg normal aktivitet. Samstundes veit vi at det er stor uvisse i mange bransjar. Nokre verksemder er framleis pålagt å halde stengt, til dømes treningssenter, seier Haftorsen.

Sola har høgast del heilt utan arbeid

Sola er kommunen i Rogaland med høgast del heilt utan arbeid med 7,4 prosent. Det er 1,2 prosent høgare enn fylkesgjennomsnittet på 6,2 prosent. Haugesund har 7,1 prosent heilt utan arbeid, medan i Stavanger er delen på 7,0 prosent. Bak Stavanger ligg Sandnes med 6,6 prosent heilt ledige. Det same har Eigersund.

– Framleis er det reiseliv og transport som er hardast ramma av høy arbeidsløyse på grunn av koronapandemien. Over 2 700 av dei som er heilt utan arbeid jobba sist i denne bransjen. Bygg- og anlegg, butikk- og salsarbeid, industriarbeid og serviceyrke og anna arbeid er dei andre yrkesgruppene som er kraftigast rørte, seier direktøren i NAV.

Ungdommen hardast ramma

Den auka arbeidsløysa sidan mars har gått hardast utover ungdom, særleg i alderen 20 til 29 år. 9,0 prosent av ungdom i alderen 20 til 24 år er heilt utan arbeid ved utgangen av mai, medan 8,2 prosent av dei mellom 25 til 29 år er heilt utan arbeid.

– Det er bekymringsfullt at så mange ungdommar no står utan jobb i Rogaland. Men det gir òg eit godt høve til å vurdere sine eigne moglegheiter. For mange kan utdanning og studiar vera eit godt alternativ no. I NAV er vi opptatt av å synleggjera kva moglegheiter som finst, seier Haftorsen.

Over 2000 kunngjorde stillingar

I mai vart det lyst ut drygt 2 000 stillingar i Rogaland. Flest innanfor helse, pleia og omsorg med 468 stillingar totalt. Innanfor bygg- og anlegg vart det lyst ut 365 stillingar. 244 stillingar vart kunngjorde innan ingeniør- og IKT-fag. Nesten like mange stillingar vart òg kunngjorde innanfor undervisning.

Nøkkeltal mai 2020
Heilt utan arbeid 16 - 67 år 15 833 (6,2%)
Arbeidsretta tiltak 827 (0,3%)
Bruttoarbeidsløyse** 16 660 (6,5%)
Unge heilt utan arbeid 16 - 29 år 4 521
Langtids-arbeidsøkjarar (26 veker eller meir) 3 216
Delvis arbeidslause 13 607
Utlyste stillingar 2 071